annonse

Byggjer om amerikansk PSV til hybrid

«Harvey Energy»
«Harvey Energy»: Plattformforsyningsskipet «Harvey Energy» blir den første PSV’en i Amerika som får ettermontert et hybrid framdriftssystem. (Foto: Harvey Gulf)
«Viking princess»
«Viking princess»: Hybridløysinga blir montert i ein container, som her på «Viking Princess» (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Wärtsilä har fått sin første kontrakt med eit amerikansk selskap for ombygging av plattformforsyningsskip til hybrid.

Håvard Hammarstrøm

Det skriv selskapet i ei pressemelding. Skipet det er snakk om er «Harvey Energy» eigd av Harvey Gulf International Marine i Louisiana (USA). Skipet er altså eit plattformforsyningsskip (PSV).

Kan gå på LNG

Dette er ikkje det første supplyskipet Wärtsilä byggjer om til hybrid. Eidesvik Offshore har fått bygd om fleire av sine skip til hybrid med Wärtsilä-teknologi om bord, og Wärtsilä har også bygd om skip for andre reiarlag til hybrid. Den nye kontrakten er likevel ein milepæl. Dette er første hybride batteri- og motorløysing levert til ein amerikansk PSV. Kontrakten vart inngått denne månaden.

– Skipet vil kunne nytta LNG som drivstoff. Wärtsilä skal installera ein 1450 kW batteri- og hybridløysing som kjem til å redusera eksosutslepp, drivstofforbruket og støy. Det er venta at den samla innsparinga til drivstoffutgifter blir på mellom 10 og 20 prosent.

God batterikapasitet

Batterikapasiteten blir stor nok til at skipet kan segla inn og ut av hamner på elektrisk kraft. Når skipet ligg til kai vil ein kunne kople seg til landstraum. I tillegg til å spare lokalmiljøet for miljøutslepp, vil også støyen frå skipet bli redusert.

Som på «Viking Princess» vil batterikapasiteten også bli nytta når skipet er ute på feltet og ligg på DP (dynamisk posisjonering), under operasjonar ved offshoreinstallasjonar.

Løysningen inkluderer energilagringssystem, energistyringssystem, kraftelektronikk, transformator og sjølve motoren. Prosjektet tyde også integrering av den eksisterande kraftforsynings- og kraftstyringseininga av merke Wärtsilä, i tillegg til automasjonssystem. Utstyret frå Wärtsilä er planlagt levert i desember i år.

Mexicogolfen

– Me valde Wärtsilä som partnar for fleire år sidan fordi dei hadde stor erfaring med LNG- og dual-fuel motorteknologi. Det passa godt med våre oppdrag i Mexicogolfen, der me har den mest drivstoffeffektive og miljøvennlege flåten av PSV’ar i Amerika. Då me bestemte oss for å satse ytterlegare på hybridteknologi, var Wärtsilä det naturlege valet, seier styreformann og administrerande direktør Shane Guidry i Harvey Gulf.

– Wärtsilä sin teknologi bidreg til å møta det globale behovet for auka drivstoffeffektivitet og betre miljøeffektive løysingar. Me er glade for igjen å jobba for Harvey i Mexicogolfen, seier kundeansvarleg overfor Harvey i Wärtsilä, Bill Amundsen som er Wärtsilä sin kundeansvarleg ovanfor Harvey i Mexico.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.