annonse

«Da ordna seg»

Original vri
Original vri: Heine starta i salen og let seg bera til scenen av ein gjeng aliasar. (Foto: Julia Marie Naglestad NRK)
Trøkk
Trøkk: «Da ordna seg». (Foto: Julia Marie Naglestad NRK)
Glimt i augo
Glimt i augo: Heine Totland stortrivest, berre sjå på glimtet i auga. (Foto: Julia Marie Naglestad NRK)

Det var stor stemning blant tilhengjarane i salen då Heine Totland laurdag gjekk direkte vidare til neste konkurranse i Stjernekamp.

Randi Olsen

Det var nesten som det gjekk troll i ord: «Da ordna seg», «da løyse seg». Det var tittelen på låten han hadde valt, omsett til bømlamål. «Det löser seg» av svenske Timbuktu var originalen då Heine Totland valde låt til hiphop-kategorien i Stjernekamp.

Det var lagt opp til stort show, og kvar deltakar hadde fått sine verkemiddel i kampen om stemmene.

Me var ein god gjeng bømlingar og andre Heine-tilhengjarar i salen, og det var stor jubel og fullt trøkk då han kom på scenen og gjorde seg klar.

Kommande laurdag står det soul på programmet, det er berre å gleda seg.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.