annonse

Det blir sirkus i sentrum

MYKJE MORO
MYKJE MORO: Klovnane Rivelinos er klare til å trimma lattermusklane til bømlingane. (Foto: Cirkus Agora)

Cirkus Agora er på veg. Tysdag blir det sirkusmoro på Svortland.

Nils-Tore Sele

Klovnar, sjonglørar og akrobatar i verdsklasse er noko av det sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal og Cirkus Agora kjem med til Bømlo tidleg i neste veke.

På tysdag er det sirkusframsyning i Svortland sentrum på tomta til gamle Bremnes ungdomsskule.

Cirkus Agora fyller neste år 30 år. No er sirkuset på vegen med ein underhaldningsmeny som dei sjølv meiner er spekka av sirkusartistar høyrande heime på øvste hylle.

Mellom desse er sjongløren Tony Garcia frå Spania. To andre artistar som nok også vil imponera publikum er akrobaten Sandra som svingar seg høgt oppunder teltduken i ei diger lysekrune og Irina, som har gjort ein vri på det å vera sjonglør.

Her er det føtene som blir brukt til å sjonglera, ikkje hendene.

Alle sirkus med respekt for seg sjølv har klovnar. Det har også Cirkus Agora. Ein klovn er ikkje nok. Dei har like godt med seg tre stykk, nemleg trioen Rivelinos, som er klare til å trimma lattermusklane både for store og små.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.