Bømlo-Nytt

Nyhende

Donerer vekk hår til gjenbruk

Donerer vekk hår til gjenbruk

Laila Bauge valde å gje vekk det lange håret sitt til andre som har meir bruk for det.

Laila Bauge har hatt langt hår så lenge som ho hugsar, og trivst svært godt med det. Men med eit ynskje om å gje andre menneske betre livskvalitet, donerte ho nyleg vekk 40 centimeter av håret sitt til Apollo Hårsenter i Førdesfjorden.

Klipp

 

Grått og flott

Me møter Laila Bauge på Idesalongen i sentrum. Ho har på dette tidspunktet langt grått hår festa bak i ein hestehale. Men no ho er klar for forandring.

– Dei er ute etter få å få inn grått hår, og det har jo eg, seier Laila nøgd.

– Eg er faktisk veldig stolt av dei grå håra eg har.

Bauge sjekka med mange ulike frisørar før ho fann den rette for jobben.

– Eg har undersøkt med fleire frisørsalongar på Bømlo, og denne salongen kom best ut på service, fortel Bauge.

Noko av grunnen til dette er at salongen tar seg av håret ho klipper av, og sender det til hårsenteret, utan ekstra kostnader.

– Me fekk informasjon om hårdonasjon frå Apollo Hårsenter for ei stund sidan. Me har til no hatt to kundar som har donert hår før Laila, seier May Liss Larsen, som er frisør og medeigar i Idesalongen.

May Liss jobbar sjølv med parykkar for kundar på Bømlo, men til no har ho ikkje tilbydd parykkar med ekte hår.

Langt

Ikkje for alle

Det er mange kriterium som vert sett for at ein skal vera ein passande hårdonor. Håret må vera lenger enn 20 cm, håret må vera reint, det må vera sunt og friskt og det må vera ubehandla. Dei tar ikkje i mot hår som er vått når det vert sendt inn, slite eller skada, hår som er kjemisk behandla, hår som er kortare enn 20 centimeter, eller hår som er fletta.

Håret til Laila var i kategorien som kan donerast og prosessen kunne starta.

Håret vart vaska, kjemma og lengda vart målt med linjal før det vart fordelt i små buntar som av May Liss.

– Eg er klar for ei forandring, sjølv om eg er veldig glad i det lange håret mitt. Men det som er viktigast, er at nokon andre kan få mitt hår og få betra livskvalitet på grunn av det, seier Bauge.

Nytt donorhår blir registrert, sortert og kvalitetskontrollert av ein hårspesialist hos hårsenteret. Det blir også oppbevart hos dei til dei finn ein passande donorkandidat.

Forandring

 

Ulikt

Det er mange grunnar til at folk mister håret. Det kan vera alt ifrå naturlege årsaker til sjukdomsrelatert. For mange kan det vera ein byrde å ha lite eller ikkje hår i det heile.

Det å få parykk laga av ekte hår kan hjelpe og betre livskvaliteten, særleg for dei som for eksempel mister håret ved cellegift og kreft.

– Det er ei uvurderleg glede for ein som har mista , å finne hår som er tilnærma likt sitt naturlege hår, slik at dei kan få ein hårdel eller parykk som ser naturleg ut. Difor ønskjer me oss donorhår av alle mogelege fargar og fasongar, opplyser dei på Apollo Hårsenter.

Flott

Nøgd

May Liss set saksa i det lange håret og plasserer dei avklipte buntane på eit handklede. Laila sit i frisørstolen og er litt spent på resultatet.

– Du står fritt til gje meg den frisyren du meiner eg passar, seier ho litt forsiktig.

May Liss klipper, fønar og friserer. Resultatet vart fantastisk. Ein flott frisyre som har fått nemninga bob, på verdsbasis.

Ferdig

Laila Bauge smiler og ler.

– Eg likar meg her. Folk kjem til å bli kjempeoverraska når dei ser meg. Resultat er veldig flott, seier hårdonoren godt nøgd med det nye og korte håret.

Ho legg til:

– No håpar eg det kjem inn mange fleire kundar som vil donera vekk håret sitt, seier Laila Bauge optimistisk.

stine@bomlo-nytt.no