annonse

Drikkevatnet friskmeld

Trygt å drikke
Trygt å drikke: Nye prøver av drikkevatnet synte ingen teikn til bakteriar. Vatnet skal no vera trygt å drikke. (Foto: Illustrasjonsfoto/Håvard Hammarstrøm)

Dei nye prøvene av drikkevatnet synte ingen spor av bakteriar. Drikkevatnet er friskmeld og kokevarselet er oppheva.

Håvard Hammarstrøm

Torsdag i førre veke gjekk Bømlo vatn- og avløpsselskap (BVA) ut med kokevarsel. Årsaka var at dei rutinemessige prøvene som vart gjennomførte av vatnet tysdag same veke synte funn av E. coli-bakteriar og koliforme bakteriar. Det vart gjort slike funn fleire stader i leidningsnettet i Bømlo vassverk. Søre Bømlo vassverk, som omfattar Langevåg og Espevær, var ikkje råka. Vatn til 9.000 innbyggjarar måtte derimot kokast.

Nye prøver

BVA tek jamleg slike prøver for å kontrollere at vatnet som går ut til innbyggjarane held god kvalitet. Då prøvene synte E. coli sende BVA umiddelbart ut SMS til innbyggjarane og varsla institusjonar i kommunen. Alt vatn til drikke og matlaging måtte kokast godt. Samstundes tok BVA nye prøver som vart sende til eit laboratorium på Stord for analyse. Dagleg leiar Audun Halleraker i BVA sa til Bømlo-nytt at dei nye prøvene ville kunne avdekkje om det var feil i dei første prøvene, eller ein kunne byrje avdekkje kor bakteriane eventuelt stamma frå.

Bakteriefrie prøver

Fredag ettermiddag kom svaret på dei nye prøvene. Dei synte ingen spor av bakteriar. Her fanst ikkje spor etter E. coli og koliforme bakteriar. BVA friskmelde då vatnet og oppheva kokevarselet. BVA jobbar no med å avdekkje kvifor det vart funne E. coli i prøvene som vart tekne tysdag i førre veke.

– Var det falsk alarm?

– Det kan me ikkje slå fast riktig enda. Me jobbar internt med dette og er i kontakt med laboratoriet i Bergen som me har avtale med. Me skal også ta nye prøver både i dag og i morgon. Me følgjer tett opp og gjennomfører prøver både i leidningsnettet, i høgdebasseng og vassreinseanlegg, svarte BVA-sjefen måndag denne veka.

Trygt drikkevatn

Det blir undersøkt om det eventuelt kan ha oppstått feil på Bømlo eller i Bergen. Dersom det er tilfelle ønskjer ein å avdekkje dette.

– Me samarbeider no tett med laboratoriet i Bergen om å undersøkje dette. Me er samstundes i kontakt med legetenesta i kommunen og kommuneoverlegen, og vil eventuelt få melding derifrå om det er eit sjukdomsbilete utover det som er normalt. Eg føler me har god kontroll på dette, seier Halleraker. Sjølv om han enno ikkje kan slå fast om det var falsk alarm i førre veke, kan han forsikre bømlingane om at vatnet no er trygt å drikke og bruke til matlaging.

– Prøvene me tok på torsdag var heilt normale og hadde ingen spor av bakteriar. Alle kan no trygt nytte drikkevatnet som normalt.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.