annonse

Drøymer om store operaroller

Rette element
Rette element: Her ser me Steffen S. Sortland, då han hadde hovudrolla i musikalen «Jesus Christ Superstar». Arkivfoto. (Foto: )
Stavanger
Stavanger: Steffen Siggervåg Sortland bur no i Stavanger og studerer song. Han storkosar seg som student samstundes som han drøymer stort om framtida. (Foto: Privat.)

Stef­fen Siggervåg Sortland (20) job­bar hardt og mål­ret­ta i håp om at han ein gang kan få stå på scenen i La Sca­la, i Mi­la­no.

  • Stine Rimmereid Rørvik

Det er ab­so­lutt in­ga be­skje­den mål­set­ting 20-årin­gen har. Teatro alla Sca­la i Mi­la­no, er det stør­ste ope­ra­hu­set i ver­da.

Tid­leg

Stef­fen Sortland fekk tidleg in­te­res­se for song og mu­sikk. Då han gjekk på barne- og ung­doms­sku­len var han alt ein ak­tiv son­gar, og spel­te i band der sjan­ge­ren helst var popmusikk.

På vi­da­re­gå­an­de star­ta han på musikklinja på Stord med stem­ma som ho­vud­inst­ru­ment, men enno var han uvi­tan­de om at ope­ra skul­le bli ein stor del av fram­ti­da.

– Eg star­ta tid­leg med song, og fekk til­ba­ke­mel­din­gar om at det­te var noko eg meist­ra. men eg had­de in­gen in­te­res­ser for ope­ra, for­tel Stef­fen over te­le­fo­nen frå Stav­an­ger.

Dei to første åra på musikklinja var pop og rock dei do­mi­ne­ran­de mu­sikk­ar­ta­ne for Stef­fen. Men et­ter at dei set­te opp mu­si­ka­len «Je­sus Christ Superstar» på sku­len, og Stef­fen fekk ho­vud­rol­la, starta ve­gen så smått å ven­da mot klas­sisk mu­sikk.

Gode læ­ra­rar

– Det var læ­ra­ren min som pus­ha meg mot klas­sisk. Eg lik­te det ik­kje i star­ten, for eg fekk det ik­kje til. Det er ein heilt anna song­tek­nikk, sei­er son­ga­ren.

Mot slut­ten av tred­je klas­se på vi­da­re­gå­an­de var det likevel ein mu­sikk­sjan­ger som do­mi­ner­te, og det var klas­sisk.

– Eg klarte et­ter kvart å få det til, og det var då eg be­ste­mte meg for å søkje på Tone­heim Fol­ke­høg­sku­le, for­tel bømlingen.

På Ton­eheim vart det full ut­tel­jing.

– Eg fekk ein svært god læ­rar som eg sa­mar­bei­dde godt med og ut­vik­la meg my­kje.

Et­ter kvart mein­te song­læ­ra­ren på fol­ke­høg­sku­len at Stef­fen bur­de søke seg vi­da­re til Eli­za­beth Nor­berg-Schulz. Den norsk-ita­li­enske operasongarinna har gjes­ta dei frem­ste ope­ra­sce­nane over hele verda og er ei in­ter­na­sjo­nal ope­ra­stjer­ne. Stjer­na har mange jern i el­den både na­sjo­nalt og in­ter­na­sjo­nalt, og bur delvis i Italia. Når ho er i No­reg er ho blant anna pro­fes­sor i song ved Uni­ver­si­te­tet i Stav­an­ger.

– Eg søkte i Stav­an­ger, og Eli­za­beth lik­te meg og eg fekk sku­le­plass, seier han.

Han stu­de­rer no utøvande klas­sisk song ved Uni­ver­si­te­tet i Stav­an­ger, der song­ti­mar med Norberg-Schulz er ei del av un­der­vis­nin­ga.

Stu­di­et er på fire år og Stef­fen har alt full­ført to av dei.

Om att og om att

Når ein stu­de­rer song vert det na­tur­leg nok my­kje syn­ging, men det er vik­tig at ein ik­kje røy­ner stem­me­ban­da for my­kje, påpeikar Steffen.

– Stem­ma er eit skjørt inst­ru­ment. Me må vera for­sik­tig med den, seier stu­den­ten.

Han fortel at dei syng rundt to ti­mar kvar dag.

– Opera er vel­dig tek­nisk. Eg trur ik­kje folk veit kor my­kje som skal til for at ein skal bli god, for­kla­rar Stef­fen.

Når han ik­kje må vera i klas­se­rom­met, bru­kar han gjer­ne tida til å høy­re på an­dre som får song­un­der­vis­ning. Noko som er nor­mal prak­sis på sku­len.

– Alt me kan få inn av tek­nikk og kunn­skap er vik­tig, for­tel han.

Språk

Det er ik­kje altfor mange ope­ra­son­gar på norsk el­ler en­gelsk. Dei fles­te son­ga­ne er på ita­li­ensk el­ler tysk. Di­for går det my­kje tid til å få god og rett uttale av orda i teks­ten han skal fram­fø­re.

– I ope­ra er uttalen av orda vel­dig vik­tig. Det er di­for ut­ford­ran­de når teks­ten er på språk ein ei­gent­leg ik­kje kan, sei­er han.

Han leg­ger til at ord­bo­ka er eit nyt­tig verk­tøy.

– Det er ein for­del at ein veit kva ein syng om. Eg må om­set­je my­kje av teks­ten eg skal syn­gje slik at eg kan få fram det ret­te bod­ska­pet.

I til­legg til ord­bo­ka skal han på språk­kurs i ita­li­ensk og har pla­nar om å rei­sa på ut­veks­ling til Roma.

– Det vert nok eit stort mu­sikk­fo­kus i Roma, men må prø­va å leva litt som ekte italienarar også - pizza, pas­ta og vin, sei­er Stef­fen og ler.

Framtida

Det er ikkje enkelt å bli operastjerne, men utfordringa triggar den unge guten.

– Eg vil bli best mogeleg. Det er først og fremst innsats som skal til for å nå langt, seier Steffen, som blant anna har Luciano Pavarotti og Jussi Bjôrling som førebilete.

Steffen seier han må by seg fram når sjansen er der og melde seg på konkurransar og andre høve for å visa stemma.

I Noreg er ikkje operamiljøet veldig stort ifølgje Steffen. Han fortel difor at han må ut i verda om han skal kunne leve av songen. Han ønskjer også å få undervisning i song på eit tidspunkt i karrieren.

– Det er berre å gønna` på, sluttar Steffen, optimistisk.

Om det er nokon som ønskjer å høyre Steffen syngja kan dei få høve i jula for han plar å delta fleire ulike tilstellingar når han er heime på juleferie.

– Det er alltid like kjekt å komma heim til Bømlo å få syngja, sluttar Steffen.

stine@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.