annonse

E. coli i drikkevatnet

Kok vatnet
Kok vatnet: Bømlo vatn- og avløpsselskap gjekk torsdag ettermiddag ut med kokevarsel. Alle abonnentar tilknytte Bømlo vassverk må koke vatn til matlaging og drikke inntil det blir gitt nærmare beskjed frå BVA. (Foto: Illustrasjonsfoto Håvard Hammarstrøm)
Kokevarsel: Dagleg leiar Audun Halleraker i BVA seier det er viktig at bømlingane kokar vatnet.
Kokevarsel: Dagleg leiar Audun Halleraker i BVA seier det er viktig at bømlingane kokar vatnet. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Bømlo vatn- og avløpsselskap (BVA) har funne E. coli-bakteriar i drikkevatnet, og ber no innbyggjarane om å koke vatn som skal brukast til matlaging og drikke.

Håvard Hammarstrøm

Dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker, seier til Bømlo-nytt at BVA jamleg tek prøver av vatnet både i vassverk og i vassleidningar kringom i kommunen. BVA fekk i 16-tida torsdag ettermiddag svar på prøver som vart sende inn til analyse tysdag denne veka. Prøvene synte at det var funne E. coli-bakteriar fleire stader i vassnettet.

Varslar institusjonar

– Då har me ikkje anna val enn gå ut med kokevarsel. Me er i ferd med å varsle alle råka og institusjonar i kommunen. Me har teke nye prøver som no blir sende til analyse til Bergen i kveld. Så får me sjå om det er feil i prøvene me sende tysdag, eller me lyt finne ut kor bakteriane stammar frå, seier Halleraker. Telefonen har ikkje stått stille på sentralbordet til BVA etter at kokevarselet gjekk ut.

Halleraker seier alt av vatn som skal nyttast i matlaging, også til vasking av salat, og til drikke må kokast godt på førehand.

– Ein kan fint dusje i vatnet, men altså ikkje nytte vatn som ikkje er kokt til matlaging, seier han. Kokevarsel tyder at vatnet som skal drikkast eller brukast i matlaging skal fosskoke i minst eitt minutt.

På Facebook presiserer BVA at kokevarselet gjeld Bømlo vassverk som omfattar store delar av kommunen (ikkje Søre-Bømlo vassverk som omfattar Langevåg og Espevær). Inntil ny beskjed må alt vatn som skal brukast til drikke og matlaging kokast. BVA ventar svar på prøvene i løpet av fredag.

Kokevarsel: Dagleg leiar Audun Halleraker i BVA seier det er viktig at bømlingane kokar vatnet.
Kokevarsel: Dagleg leiar Audun Halleraker i BVA seier det er viktig at bømlingane kokar vatnet.: Foto: Håvard Hammarstrøm

Tarmbakteriar

Escherichia coli (E. Coli) er ein av våre vanlegaste tarmbakteriar og finnast i mange variantar. Nokre av desse kan gjera oss sjuke. Inkubasjonstida om ein blir smitta er vanlegvis 3–9 døger. Symptom kan vera akutte magesmerter og diaré. På nettsidene til BVA står det opplyst frå lege at tarminfeksjon og diare normalt vil gå over i løpet av nokre dagar.

– Det viktigaste tiltaket er å erstatte væsketapet. Ta kontakt med fastlege eller legevakt om ein er usikker på om det er behov for anna behandling, seier lege Torhild Taraldsøy i Bømlo kommune. Meir informasjon om kva kokevarsel tyder kan ein finne på nettsidene til FHI

Skriftleg kjelde om E. Coli: www.forskning.no.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.