annonse

Eidesvik-kontrakt for to skip

Vantage
Vantage: «Vantage» er eit seismikkskip (Foto: Bernt Sortland)
Subsea Viking
Subsea Viking: Eidesvik Offshore har skrive intensjonsavtale for to skip. Dette biletet av subseaskipet «Subsea Viking» vart teke då skipet passerte Sotrabrua (Foto: Bernt Sortland)

Eidesvik Offshore har skrive intensjonsavtale for ein kontrakt som gir arbeid til både «Subsea Viking» og «Vantage» resten av året.

Håvard Hammarstrøm

Dette melde selskapet i ei børsmelding måndag morgon. Intensjonsavtala er inngått med selskapet Seabed Geosolution, og kontrakten blir omtalt som ein charter-kontrakt.

Kontrakten startar i tidsperioden slutten av januar til byrjinga av februar og er venta å vare ut 2018. Avtalevilkåra er konfidensielle, står det å lesa i børsmeldinga.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.