annonse

Eidesvik Offshore hentar inn eigenkapital og får avdragsreduksjonar

SIKRAR DRIFTA
SIKRAR DRIFTA: Avtalen med bankane om gunstigare avdragsordningar, gjer det lettare å driva Eidesvik OffShore ASA dei neste åra. ARKIVFOTO (Foto: )
NØGD
NØGD: Kolbein Rege, styreleiar i Eidesvik Offshore ASA, er nøgd med dei nye bankavtalane og eigenkapitalinnhentinga som vart gjort kjent i dag. ARKIV (Foto: Nils-Tore Sele)

Eidesvik Offshore ASA kom fredag ettermiddag med nyhende om at reiarlaget skal henta inn 120 millionar kroner i eigenkapital framover, og har forhandla seg fram til avdragsreduksjonar med bankane sine.

Nils-Tore Sele

– Styret i Eidesvik Offshore ASA er svært nøgd med at me etter lange forhandlingar med bankane sist haust har fått på plass ei tilfredsstillande løysing som sikrar verksemda i Eidesvik Offshore-konsernet. Me er også veldig takksame for at eigarane våre har stilt opp med ny eigenkapital for å få til ei god finansiell ordning framover, seier styreleder i reiarlaget, Kolbein Rege, i børsmeldinga.

Aksjekursen steig til himmels

Meldinga om dette kom klokka 15 fredag ettermiddag, etter at verdiane på aksjane i reiartlaget hadde stege himmelhøgt fredag føremiddag. Veksten var så stor, at handel med aksjen vart pausa av Oslo Børs i påvente av børsmelding sendt ut frå Eidesvik Offshore ASA. Då meldinga kom, gjekk det fram at reiarlaget hentar inn ny eigenkapital og er samde med bankane om avdragsreduksjonar.

Eidesvik Offshore ASA med sine dotterselskap har forhandla fram med bankane sine ei gjeldsordning som skal gjelda frå 01.01.2018 til 31.12.2022.

Alle formelle avtalevilkår er venta å vera på plass innan utgangen av januar i år.

Store avdragsreduksjonar

Hovudtrekka i gjeldsordninga inneber mellom anna at Eidesvik får avdragsreduksjon på 72,5 prosent av ordinære avdrag fram til 30.06.2021 og deretter betalar normale avdrag. Det skal betalast om lag 62 millionar kroner i ekstraordinære avdrag etter sal av obligasjoner moteke frå CGG knytt til kontraktsendringar.

Dei ordinære finansielle vilkåra i låneavtalane til reiarlaget vert sette til side i avtaleperioden og erstatta med krav om ein likviditet på 125 millionar kroner og positiv arbeidskapital medrekna 50 prosent av avdrag i dei neste 12 månadene.

I 2022 inntrer minimumsverdiklausular for 100 prosent av gjelda per skip. Avtalen inneber dessutan at dersom innteninga gjer at kontantbeholdninga til Eidesvik Offshore ASA kjem over visse nivå, skal det betalast ekstraordinære avdrag.

Går inn med frisk kapital

Til sist skal Eidesvik offshore ASA tilførast ny eigenkapital på 150 millionar kroner, der 30 millionar kroner av summen er konvertering av gjeld til Eidesvik Invest AS.

I børsmeldinga kjem det fram at Eidesvik Invest AS saman med ein del av dei største aksjonærene i Eidesvik Offshore ASA har plikta seg til å teikna den nye eigenkapital i ein retta emisjon til ein kurs på fem kroner per aksje.

Eidesvik Invest AS har utanom sagt seg villig til å konvertera aksjonærlån på 30 millionar kroner til 2 millionar aksjar til ein kurs på 15 kroner per aksje.

Utanom dette skal det i løpet av mars i år gjennomførast ein reparasjonsemisjon kor aksjonærar som ikkje får delta i den retta emisjonen får høve til å teikna aksjar.

Det heiter i børsmeldinga at med desse avtalane er Eidesvik Offshore ASA-konsernet sikra ei trygg finansiell stilling i dei neste åra, sjølv om marknaden skulle fortsette å vera  vanskeleg i ein periode framover.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.