annonse

Ein gammal båt – med ei spanande historie

På tur
På tur: her er «Gå på» på tur gjennom Kuleseidkanalen med gjester om bord. Arkiv (Foto: Geir Einarsen)
: (Foto: )
: (Foto: )

I Bømmelhamn ligg ein gammal damp, med ei lang historie bak seg. Båten «Gå på» har segla i 81 år og besøkt mange hamner kring Nordsjøen.

  • | Carina Wangensten

Det er ein nydeleg sommardag når bladfyken kjem på besøk til Bømmelhamn. Sola varmar og bakkane blømer. Ein høyrer summinga av ivrige bier, og menneske som arbeider i hagane sine. No er det endeleg ved å vera sommar. Dagleg leiar i Langevåg bygdetun, Frode Urangsæter, tek meg med om bord i «Gå på», for å læra meir kva løyndommar den gamle båten gøymer på. Prektig ligg skuta på vatnet, og speglar seg i overflata.

Fraktebåt

Det er ikkje lett å sjå at båten er så gammal. Opphavleg vart den bygt i 1938, ved Kjørve båtbyggjeri i Farsund. Den gongen gjekk ho under namnet «Jean».

– Den første turen gjekk frå Haugesund til Aberdeen. Då frakta ho sild i tønner, seier Urangsæter.

Sidan byrja fraktebåten å reisa lenger sør, til Frankrike.

– Ho vart nytta til å frakta levande hummar og ferske reker, seier han.

Ruta var eit samarbeid mellom ein norsk og ein fransk familie.

– Den franske frua tok seg veldig godt av sjøfolka når dei kom, og inviterte dei ofte på middag. Men før dei fekk koma inn, dynka ho dei i Eau De Cologne av di dei lukta så fælt, fortel Urangsæter.

Turen gjekk til Brest i Frankrike, og tok i alt 63 timar. Då kan det godt tenkjast at det ikkje er lett å lukte godt, i ein båt full av reker og hummar, og utan mogelegheit til å vaska seg.

Medan me snakkar, ligg båten fint fortøydd til hamn. Den friske sjølufta treff deg forsiktig i ansiktet, og ein kan nyta utsikta ut over Bømmelhamn frå ei roleg dekkside. Men tanken om å segla denne båten ute på det store hav verkar skremmande.

– Det er ein utruleg god sjøbåt, tryggjar Urangsæter.

Han har sjølv vore med båten i ganske hardt vêr.

– Eg kan hugse ein gong me skulle til Utsira. Det var om lag seks meter høge bølgjer, og sterk vind. Det var jo berre å halda seg fast. Det var ikkje mange om bord som var friske, men båten klarte seg godt.

Krigen

Båten gjekk i rutefart mellom Farsund og Brest fram til 1940.

– Då krigen byrja, overtok tyskarane båt og mannskap. Det er ingen som veit heilt sikkert kor dei segla, men dei trur det har vore langt nord i landet.

Mannskapet om bord prøvde å senda beskjed heim til familien sin, men det tok kring åtte månader før den kom fram.

– Når familiane omsider fekk høyra frå dei, var det mange som allereie hadde hatt minnestund for dei. Då var dei sikker på at dei hadde gått bort. Det er litt spesielt med tanke på i dag, kor me berre er ei tekstmelding vekk, seier han undrande.

Stålfrakt

Etter krigen byrja ho å gå i fraktefart over Østersjøen, men det varte berre i nokre år. I 1948 vart skuta seld til Siggjarvåg på Bømlo. Det var då Magnus Stokka som kjøpte skipet, og nytta det til å frakta stål mellom Oslo og Bergen.

– Lukene på båten var så små, så dei fekk ikkje stålet under dekk. Det gjorde at båten vart veldig topptung. Så det var ein veldig farleg måte å frakte stålet på.

I 1952 bestemte Stokka seg for å kjøpa ein ny og større båt. Dei selde difor båten til Truls og Trygve Eik i Espevær. Her fekk den også namnet «Gå på».

– Eik’ane bygde den om til fiskebåt, og kunne difor nytta den både til frakt og fiske, fortel han vidare.

Truls og Trygve Eik hadde båten heilt fram til 1970-talet. Den var ikkje lenger i god stand, og dei søkte difor om kondemnering.

– Det fekk dei innvilga. Men Lauritz Eidesvik, som kjente godt til båten, syntest at det var for gale å kondemnera ein så flott båt. Han tok opp kampen mot Fiskeridirektoratet, og fekk gjort om kondemneringa.

Båten har vore i Eidesvik si eige sidan -81, då han vann kampen. Den har blitt nytta både som fraktebåt og feriebåt. Urangsæter er glad for at dei har verna om den gamle båten.

– Ein bør ta vare på det ein har. Ikkje berre kasta å kjøpa nytt. Båten har no halde i 80 år, og held nok i 80 år til tenkjer eg, smiler Urangsæter.

Om sommaren får Bygdetunet låna båten, og tilbyr turar kring Bømlo. Urangsæter nyt dei dagane han kan koma ut av kontoret, og om bord i «Gå på».

carina@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.