annonse

Ein gla'dag for distriktet

: Talet på tasktsoner i Hordaland vert redusert frå 470 til 7 i 2018. Det betyr at det vert enklare for folk i distrikta å reise kollektivt. Ill. foto.

Hordaland får færre takstsoner.

Bn: Randi Olsen

Hordaland fylkesting har i dag vedteke at talet på takstsoner skal reduserast frå dagens 470 til 7. Dei nye takstsonene skal innførast frå 2018. Sak om sonestruktur er viktig av fleire grunnar, ei av dei er forenkling.

Hordaland Venstre har i fleire periodar hatt dette som mål i sine valprogram og er såleis veldig glad for at det endeleg vert realisert.

- Med å gjere det enklare for alle i heile Hordaland å ta kollektiv, så bør det leggjast til rette for at fleire reiser kollektivt, seier Anne-Beth Njærheim, gruppeleiar for Venstre på fylkestinget i ei pressemelding.

- Me kan ikkje kvar gang seie at det er så få som nyttar kollektiv i distriktet, derfor prioriterer me ikkje verkemiddel som stimulerer til meir kollektivbruk i distrikta, seier Geir Angeltveit (V), medlem av fylkestinget og utval for miljø og samferdsle.

Dagens system medfører at det er ulik pris for kvar sone du kryssar med bussen. Frå ein tettstad til neste kan det vere titalls takstsoner, og ulik pris frå sone til sone.

- Med denne nye sona vil ein kunna reisa lenger og meir variert for same prisen, og det vil gjere det mykje enklare å reisa med og forholda seg til busstilbodet i fylket. Mellom anna vil Bømlo, Stord og Fitjar verta ei sone, seier Angeltveit.


Klikk for å sjå kommentarar ()