annonse

Ein viktig dag å markera

* I går var det frigjerings- og veterandagen her til lands. På Bømlo er denne dagen markert i heile kommunen med kransenedlegging ved fleire minnestøtter. Det fine med markeringa er at barn og unge frå skulane våre gjennomfører dei. Dei spelar korpsmusikken, dei les dikt, dei står flaggborg og dei legg ned kransane.

* I år er det 73 år sidan freden kom til Norge og Europa etter fem år med tysk okkupasjon av landet, april 1940 til mai 1945. Det er lenge sidan, og kanskje ikkje verd å feira så mykje, tenkjer mange.

* Me deler ikkje dette synet. Frigjerings- og veterandagen er ein nyttig påminnar. Verdssituasjonen er usikker. Berre der er eit godt argument for å hugsa innsatsen under 2.verdskrig. Bømlo hadde ei stor rolle i motstandskampen. For mange som flykta over Nordsjøen var forblesne holmar og skjer i øyriket vårt det siste dei såg av gamlelandet før dei gav seg i ferd på ei lang og farleg ferd over mot Shetland. Det er kanskje også det som gjer at markeringane er mange i kommunen vår, at motstandskampen var stor, og at Bømlo den gongen som no, er ein stor fiskeri- og sjøfartskommune. Det gjorde at mange her vest aldri kom heim att frå krigsåra.

* Dei siste åra har frigjeringsdagen også fått ordet veteran med seg i namnet sitt. Det er ikkje få nordmenn, mellom dei bømlingar, som dei siste åra har vore del av fredsbevarande styrker i utlandet, eller blitt sendt ut på militære oppdrag både på sjø og land. Også deira innsats fortener heider og ære når me tenkjer over datoen 8.mai og den symbolikken den har for oss.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.