Bømlo-Nytt

Nyhende

Eit samlingshus for heile bygda

Eit samlingshus for heile bygda

I dag kunne varaordførar Morten Helland gratulera Moster idrettslag og Moster-bygda med eit nytt, flott klubbhus, før han klyppte snora.

Mange folk møtte opp for å vera med og feira den offisielle opninga av det nye, flotte klubbhuset til Moster Idrettslag  i dag.

Grethe Kjøsnes - Gratulerte med nytt klubbhus Rektor ved Moster skule, Merethe Fjellheim gratulerte styreformannJørn Grindheim i Moster Idrettslag med det nye klubbhuset.

Gratulerte med nytt klubbhus: Rektor ved Moster skule, Merethe Fjellheim gratulerte styreformannJørn Grindheim i Moster Idrettslag med det nye klubbhuset.Foto: Grethe Kjøsnes

Fekk halda snora

Ei gruppe med nokre av dei yngste fotballspelarane som er andreklassingar og går på fotballaga Moster gut 07 og Moster jente 07,  fekk æra av å halda snora  medan varaordførar Morten Helland gratulerte idrettslaget og bygda med den store dagen.

Ein festdag

Kommunen har garantert for tippemidlane for at prosessen med å byggja skulle koma i gong. Festsalen i det nye klubbhuset vart ganske full, og fleire stolar måtte setjast fram. Det var ein festdag for mostringane med utdeling av gratis pølser og kaker til alle saman. Idrettslaget hadde stelt i stand aktiviteter for borna med rebusløp og fiskedam for dei minste. Ein eigen maskot tok i mot borna.

Eit hus for bygda

- Dette huset blir eit aktivitetshus for heile bygda. Me fekk 14,5 millionar kroner i tippemidlar for å byggja dette klubbhuset og me sette i gong arbeidet  i fjor og byggeprosessen har gått fort. Målet vårt no er at det skal bli endå kjekkare å bli med i Moster Idrettslag, fortalte Jørn Grindheim, styreformann  i Moster Idrettslag. Han fekk blomar frå både rektor ved Moster skule, Merethe Fjellheim og varaordførar Morten Helland  som begge gratulerte idrettslaget med dagen.

Grethe Kjøsnes - Prosjektleiar for klubbhuset Stian Dahl har vore prosjektleiar for det nye, flotte klubbhuset til Moster Idrettslag.

Prosjektleiar for klubbhuset: Stian Dahl har vore prosjektleiar for det nye, flotte klubbhuset til Moster Idrettslag.Foto: Grethe Kjøsnes

Mindre vedlikehald

Det nye klubbhuset er på 650 kvadratmeter fordelt på to etasjer. Prosjektleiar Stian Dahl viser rundt og fortel at huset er bygd i tremateriale som er royal-impregnert og dermed har mindre vedlikehaldskostnader. Utanfor er ein stor terasse, leikeplass og det er bygd ein ekstra innkøyrsel med 70 parkeringsplassar mellom klubbhuset og Moster skule.

God plass

Det nye klubbhuset inneheld fire garderobar og ein eigen dommar-garderobe. Det er 16 toalett i bygningen, ein stor utstyrsgarasje, utvendig kiosk og vaskerom for vasking av mellom anna drakter.

- I kveld fortset feiringa med festmiddag i dei nye klubblokala med 125 inviterte gjester, fortalde Stian Dahl.