annonse

Eldforbodet er oppheva

Glad for nedbør
Glad for nedbør: Brannsjef Ove Halleraker seier Bømlo brann og redning no har oppheva eldforbodet. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Bømlo brann og redning har oppheva eldforbodet.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyser brannsjef Ove Halleraker til Bømlo-nytt. Tidlegare i veka sa brannsjefen til lokalavisa at forbodet vart halde oppe fram til det kom meir nedbør av betydning. Dei siste dagane har det vore såpass med nedbør at brannvesenet opphevar eldforbodet.

Eingongsgrill berre på stranda

– Me har fått mange telefonar frå bømlingar som har vore klare til å tenne bål. No opphevar me eldforbodet på offentleg stad, og går tilbake til slik det var, seier brannsjefen til Bømlo-nytt.

Han oppmodar samstundes alle som skal tenne opp eld om å vera varsame med dette og vera medvitne det ansvaret som følgjer med.

Samstundes strekar han under at det framleis berre er på strender og stader særskilt tilrettelagt for grilling at det er lov å nytte eingongsgrill.

Det er med andre ord ikkje høve til å bruke slik grill ute i skogen og i terrenget.

Har halde eldforbodet

I riksmedia har det vore døme på privatpersonar som har fått heftige bøter grunna brot på eldforbodet. Det er ulovleg og straffbart å bryte forbodet mot bruk av open eld på offentleg stad.

– Var bømlingane flinke til å halde eldforbodet etter at det vart innført?

– Ja, det opplever me. Med få unnatak heldt bømlingane seg til dette, svarer han.

Tidlegare i veka sa brannsjefen at eldforbodet kunne bli oppheva i løpet av denne helga, og at situasjonen vart overvaka kontinuerleg. I går, fredag, kom meldinga om at eldforbodet var oppheva.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.