annonse

Eldreråda samla på Bømlo

Eldreråda samla
Eldreråda samla: 30 eldrerådsrepresentantar frå heile Sunnhordland var påmelde til samlinga på Bømlo i dag, onsdag. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Presenterte kommunen
Presenterte kommunen: Ordførar Odd Harald Hovland presenterer her kommunen for gjestane. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Velkommen til Bømlo
Velkommen til Bømlo: Leiar i Bømlo eldreråd ønskjer her velkommen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Takk til ordføraren
Takk til ordføraren: Ordførar Odd Harald Hovland fekk ei rose som takk for at han stilte opp og fortalde gjestane om kommunen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Det er tradisjon at eldreråda i Sunnhordland møtes i ein av sunnhordlandskommunane før sommaren. I dag, onsdag, har 30 eldrerådsrepresentantar vore samla på Bømlo.

Det var leiar i eldrerådet i Bømlo kommune, Annbjørg Legland, som ønskte gjestane velkomne til Bømlo klokka 10 i føremiddag, onsdag. Det var dekka på rundt eit langbord i kommunestyresalen i rådhuset.

Ordførar Odd Harald Hovland var også til stades. Han ønskte også velkommen til kommunen, og sa at han sette pris på besøket.

Fortalde om kommunen

Ordføraren sa mellom anna at han tykte det var fint at eldreråda i Sunnhordland hadde denne tradisjonen, å samlast ein gong i året. Her kunne eldreråda utveksle røynsler og diskutere saker som er viktige for eldre på tvers av kommunegrensene i vår region.

Sidan orienterte ordføraren om kommunen dei var på vitjing i. Hovland fortalde om gründerkommunen med ei industrihistorie som strekk seg 10.000 år tilbake i tid. Han fortalde om fiskeri, oppdrett, Eidesvik og industrihistoria i Rubbestadneset. Han fortalde også kort om planane til Unitech.

Skule og barnehage

Vidare snakka ordføraren om eit gradvis aukande folketal. Han fortalde om gode oppvekstvilkår for barn og unge, med moderne skulebygg, ein ny Bremnes ungdomsskule under bygging og full barnehagedekning. Han kom inn på infrastruktursatsing med breiband og Bømlopakken, og til slutt orienterte han kort om kvart enkelt kommunedelsenter.

Då han kom til Finnås nemnde han mellom anna bakgrunnen for at Kuleseidkanalen vart til. Her oppstod det første bompengeprosjektet i Noreg, fortalde han. Hovland nemnde også planane om ny fiskerihamn i Langevåg.

Til slutt ønskte han eldreråda eit fint opphald i kommunen vår. Legland takka ordføraren, og sa at eldrerådet sette stor pris på at han kom. Ho overrekte ei rose som takk frå eldreråda.

Til Rubbestadneset

Etter fotografering gjekk drøset rundt bordet, medan det var litt snittar å bite i med kaffi attåt.

– Det var stas at me kunne ha ordføraren med oss i dag. Det var veldig kjekt. Me tykkjer også det er kjekt at eldreråda i Sunnhordland kan samlast på denne måten. Sist var me i Fitjar, og det var veldig kjekt. Dette er ei uformell samling, men me diskuterer gjerne saker som me alle har interesse av. Det er også interessant å høyra kva saker dei andre eldreråda er opptekne av. Dette er nyttige samlingar for oss, seier Legland til Bømlo-nytt.

Seinare på dagen skulle eldreråda til Rubbestadneset. Her skulle representantane få omsyning i regi av veteranklubben med Jan Willy Folgerø-Holm og Hans Otto Robberstad som guidar.

Deretter var det lunsj på Bømlo hotell. Legland fortel at det i programmet også var lagt opp til musikkinnslag frå Bømlo kulturskule.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.