annonse

Endeleg kom regnet

Drikkevatn
Drikkevatn: Dei siste dagane har det komme bra med nedbør, men det trengst betydeleg meir før nivået stig i drikkevasskjeldene våre. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Etter knusktørre veker og høge temperaturar kom endeleg regnet, men det trengst meir nedbør før det monnar i drikkevasskjeldene våre.

Håvard Hammarstrøm

Sjølv med tørken som har vore har det ikkje vore fare for vassmangel i drikkevasskjeldene til Bømlo vatn og avløpsselskap (BVA).

Godt med påfyll

Det opplyser Odd Petter Habbestad som er drifts- og operasjonsleiar i BVA. Sjølv med eit forbruk som låg 20 prosent over fjoråret i mai og juni har det gått greitt å forsyne bømlingane med reint vatn. Vassnivået i Hollundsvatnet og Finnåsvatnet har gått ned, men det har aldri vore krise med omsyn til vassforsyninga i vår kommune.

– Det har gått veldig bra hos oss. Det er andre kommunar som har hatt mykje større utfordringar enn me har hatt. Dei har nok fått seg nokre aha-opplevingar i år, seier Habbestad.

Fornuftige bømlingar

Han peiker på to viktige årsaker til at Bømlo har klart seg greitt igjennom denne perioden med uvanleg lite nedbør. Den eine er at bømlingane har hatt eit fornuftig vassforbruk.

– I byrjinga hadde me litt utfordringar med nivået og produksjonen, men bømlingane har vore flinke til å respekterte vatningsrestriksjonane. Dei har nytta vatn berre til det ein treng vatn til. Det fortener bømlingane stor takk for, seier han.

Ei anna årsak til at ein har unngått krise på Bømlo er godt og kontinuerleg arbeid med lekkasjesøk og reparasjonar av lekkasjar på leidningsnettet.

– Hadde me hatt lekkasjar på toppen av høgare forbruk hadde me nok hatt eit problem. Me er glade for publikum som tipsar oss om lekkasjar.

Bra med vatn i sør

– Korleis har det vore med vatn i Langevåg? Tidlegare har de hatt utfordringar der?

– Eg var der på måndag, og då var vassnivået høgare der enn det var i 2014. Forbruket har vore mindre. Det største forbruket har me hatt frå Hollundsvatnet, noko som er naturleg sidan det er denne kjelda som forsyner den største delen av befolkninga i tillegg til industri som treng vatn i produksjonen sin, svarer Habbestad.

– Nedbøren dei siste dagane må vera kjærkommen?

– Me er glad for at det kjem nedbør, men det me har fått så langt monnar lite. Ein ting er det som hamnar rett i kjeldene våre, men vel så viktig er det som hamnar i nedslagsfeltet, og det trengst meir vatn for å fylle opp myrer og bekkar med vatn. Me håper det blir ein del meir nedbør framover.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.