annonse

Familie vart evakuert då nabohuset brann

SKUMMELT
SKUMMELT: Huset på Mækjebakken stod i full fyr. Naboane som måtte evakuera opplevde det som ganske skummelt då det stod på som verst. (Foto: Lesarfoto)
KRAFTIG MEDFARE:
KRAFTIG MEDFARE: Berre veggane står att av det vesle huset på Mækjebakken som gjekk tapt i brann natt til laurdag. (FOTO: NILS-TORE SELE)

Natt til laurdag brann eit hus ned på Mækjebakken. Ein familie på seks vart evakuert då nabohuset stod i full fyr.

Nils-Tore Sele

Meldinga om brannen i huset på Mækjebakken kom klokka 01.20 natt til laurdag. Bustaden stod då i full fyr. Huseigar hadde komme seg velberga ut.

Eit anna hus i nærområdet vart evakuert grunna fare for spreiing, men brannmannskapa fekk kontroll med sløkkinga. Kraftlaget kutta straumen i området medan sløkkinga gjekk føre seg for fullt midt på natta.

Mannen i nabohuset starta sløkking med vasslange på garasjen ved huset der det brann før brannvesenet kom til staden, medan resten av familien kom seg vekk derfrå i bil av di det rauk kraftig på brannstaden.

Situasjonen vart då opplevd dramatisk i nabolaget.

I fire-tida natt til laurdag kom twittermelding frå politiet om at det er kontroll på brannen. Ytterveggane står framleis, mannskap frå Bømlo brann og redning driv ettersløkking på eit hus som er totalt utbrent innvendig.

Familien som vart evakuert  tok inn hos familie i nærområdet, og har fått løyve til å venda tilbake til huset sitt. Brannmannskap gjekk brannvakt utover morgonen, men det er ikkje trong for dette lenger.

Brannsjef Ove Halleraker opplyser til Bømlo-nytt at det enno er uvisst kvar brannårsaken var.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.