annonse

Fann ein heil bosfisk på Hiskjo

Thea Tjensvoll Hegelstad, Ragna Steinsland Skjærvik, Nathaniel Leander Fauskanger, Konrad Meling Thorsland, Dennis Selle Totland, Jonatan Sortland Servan, Emil Nesse, Solmøy Torget Gjørøy og Leo Torkelsen Bergendahl. Framme frå venstre
Bosfisken deira heng på veggen: Johanna Rydningen Johansen, Connie Marie Husa og Patrick Kulleseid Eidet. (Foto: )
Ein Urein og ein rein havbotn
Ein Urein og ein rein havbotn: Mia Agasøster Vegstad synest ikkje det er greitt at det er bos i havet. Det blir brunt og stygt og farleg for krabbane og fiskane og dei andre som bur der. (Foto: )
Ut i naturen
Ut i naturen: På Hiskjo er det tumleplass for ein heil barnehage, og etter at sukker- og flygemaurane hadde vore der, var det heilt fritt for bos der ute. (Foto: PRIVAT.)

Sukker- og flygemaurane i Maurtua barnehage har laga kunst av boset dei fann i sjøkanten.

Ingvild Sjo

– Kva kan me laga av bos?

– Me kan laga pynt, og kunst!

– Er det vanskeleg?

– Nei, me banka på det. Det blei fint!

Ved Maurtua barnehage har dei fått ny kunst på veggen. Den heiter Bosfisken, og har sin eigen song som borna stemmer i:

(Melodi: Bjørnen søv)

Plast i sjøen,

plast i sjøen,

det er ikkje bra.

Fisk og dyr blir lurte

for plast mettar jo ikkje.

Plast i sjøen,

plast i sjøen,

det er ikkje bra.

Nokon heiv det på sjøen

Silje Katla Ellingsen og Kathrine Halleraker er pedagogiske leiarar for avdelinga som heiter sukker- og flygemaur. Ein dag var heile gjengen ute på Hiskjo, og oppdraget var å plukka bos. Når ein skal lære å ta vare på seg sjølv og kvarandre, og på naturen, er det lurt å ta ein tur til Hiskjo der det er mykje rart å sjå i føra. Kanskje kunne dei laga noko av det dei fant?

– Me fann masse bos og hadde det oppi ein stor kasse, og tok med oss tilbake, fortel borna.

– Men korleis er boset komme til Hiskjo?

– Nokon heiv det på sjøen, det kom frå sjøen, svarar borna i kor, og er samde om ein ting: Det er det ikkje fint å gjera.

– Kvifor?

– Fordi dyr og fuglar kan bli sjuke av det, og bli skada, seier borna. Dei har sett bilete av gåsenebbkvalen som døydde. Inni magen hans fann dei mykje bos. Boset kan flyta med sterke havstraumar heilt til andre sida av jorda.

– Kva har de lært av det?

– At me ikkje skal hiva bos i havet!

– Kva skal me gjera med boset då?

– Ta det med heim og kasta det i boset, svarar borna og treng ikkje tenkja seg mykje om før dei svarar. Berekraftig utvikling er ein viktig del av barnehagen sin rammeplan. Det handlar om å ta vare på livet på jorda, og å fremja verdiar og skapa haldningar som i praksis fører til eit meir berekraftig samfunn. Å starta allereie i barnehagen er ein god start. Å lære å tenkja kritisk, handla etisk og å visa solidaritet er viktig for å kunna visa omsorg. At den døde kvalen med plast i magen vekkjer omsorg, er lett å sjå i Maurtua barnehage. Den som forsøplar havet blir møtt med kritiske små røyster; Slikt vil dei ikkje ha!

To akvarium

For å illustrere korleis naturen tek skade av bos, har borna laga to akvarium. Eitt som er brunt av forureining, med plastdingsar og anna boss liggjande på botnen, og noko av det har krabbar og dyr vasa seg fast i.

Det andre akvariet er reint og fint, lyst og lekkert, med friske krabbar og fisk som blenkjer. Borna er ikkje i tvil eitt sekund: Det er den fine havbotnen dei vil ha; den utan brun skit og bos. Slik skal det vera.

Inspirert av storfisken

Den store kunstbosfisken «Blåståla» som Bømlo Kunstlag laga i samarbeid med kunstnar Elisabeth Roberts i fjor, er inspirasjon for Maurtua barnehage sitt bosprosjekt på Hiskjo. Medan dei har arbeidd med sin eigen bosfisk, har det vore tid til å filosofera og meina, fantasera og la seg riva med. Borna har vore med i alt arbeidet, frå å mala hobbyplata som fisken heng på, til å vaska plastbitane, setja bitane saman slik at det vart ein fisk, og få det til å hengja fast. Det var ein ikkje lite stolt gjeng som hadde vernissage med foreldra då boskunsten vart avduka ein ettermiddag før påske.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.