annonse

Fann stillehavsøsters på Meling

STILLEHAVSØSTERS
STILLEHAVSØSTERS: Slik ser han ut på oversida. Ganske kvasse kantar og vond å trakka på for ein naken fot. (Foto: Privat)
AVLANG
AVLANG: Slik ser han ut på undersida. Eit litt avlangt skjel som kan bli ganske stort med tida. (Foto: Privat)
MUSLINGEN inni skalet
MUSLINGEN inni skalet: Oppdrett av stillehavsøsters er storindustri fleire stader i verda fordi det er framifrå mat for folk. (Foto: Privat)
HAR GREIE PÅ ØSTERS
HAR GREIE PÅ ØSTERS: Stein Mortensen er havforskar og vil gjerne ha tips om korleis stillehavsøstersen oppfører seg på Bømlo. (Foto: )
LAGAR MATTER PÅ BOTNEN
LAGAR MATTER PÅ BOTNEN: Slik veks stillehavsøstersen ved å laga nye rev av seg sjølv og veksa til ein skog av kvasse skjel. (Foto: HAVFORSKINGSINSTITUTTET.)

Nokre sporadiske funn av østersen frå Sør-Aust Asia er gjort på Bømlo. Forskar oppmodar oss til å følgja med.

  • | Ingvild Sjo

Lizze Renate Rolfsnes er den me no har fått tips om som har plukka stillehavsøsters på Bømlo. Det skjedde i ei strand på Meling i mai, då det var låg fjære. Ho skjønna at det var ein framand art på våre kantar, og gav beskjed. Det likar forskarar.

– Det er viktig for oss å følgja med på spreiinga av denne arten, og difor set me stor pris på tips frå publikum, seier Stein Mortensen ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Der arbeider dei med fleire prosjekt for å kartleggje nye bestandar i håp om å finna ut korleis spreiinga skjer.

Lagar eigne rev

Havforskaren fortel at stillehavsøstersen er veldig, veldig langt heimanfrå. Første gong den vart innført til Noreg, var på 1980-talet. Då var målet å driva klekkjeri og oppdrett slik det har vore gjort i Mellom- og Sør-Europa i lengre tid. Det skulle bli ei ny næring hos oss, men det gjekk ikkje slik ein ønskte. Økonomien vart for svak. Oppdrettsanlegga vart lagt ned, og konsesjonane inndregne.

– Men stillehavsøsters er ein industri som overgår det meste innan oppdrett fleire stader i verda i dag, seier Mortensen som har smakt stillehavsøsters og synest det er framifrå god mat.

– Det er ei utmerkja råvare for den som vil gjera noko, seier han. Samstundes har Miljødirektoratet tilrådd fjerning. Stillehavsøstersen kan nemleg byggja seg opp til store matter på fleire meter. Svære klumpar på over hundre kilo kan det bli, og desse er det lite kjekt å ha i stranda. Slike matter finst det til dømes tilfelle av i Oslofjorden nokre stader, og østersen lever der som eigne rev. Slike førekomstar finst det skrekkeksempel av frå Tyskland og Nederland der heile strender er okkuperte av kvasse skjel som heng saman i lange matter.

Ein invasjon

– Det hende noko i 2007, fortel havforskaren. Då kom det ein invasjon av larvar drivande med kyststraumar frå sør. Kysten av Sverige, Oslofjorden og Agder-fylka vart mest råka då eit enormt tal med østerslarvar slo seg ned.

Ein bio-invasjon, kallar Mortensen det, men enno har ingen funne ut kvifor larvane kom eller kvar dei kom frå. Det som er sikkert, var at dei skapte eit vendepunkt i vår fauna. Stillehavsøstersen voks opp, gytte og formerte seg. Det har dei fått merka sørpå der andre skjel som blåskjel blir fortrengt frå områda der stillehavsøstersen trivest. Mortensen trur at dei tilfella av denne arten som er funne på Bømlo truleg er sporadisk framvokster av individ som har komme rekande som larvar. Slike sporadiske funn har dei fått tips om heilt nord til Møre.

– Men det er viktig for oss å få følgja med på om det vil byggja seg opp bestandar, seier Mortensen.

Må kokast

Stein Mortensen er mikrobiolog og vel den rette å spørja om ein kan eta desse nye skaldyra.

– Det kan du, men på eige ansvar, seier han. Då viser han til at østersen filtrerer sjøvatn på same måte som blåskjel. Det vil seia at giftige algar vil vera i kjøtet om desse finst der østersen voks. Det finst ikkje eigne algevarsel for østers, og algevarsel for blåskjel er ikkje heilt det same. I tillegg er det viktig å tenkja på at ureinsa kloakk frå land og skip òg vil gå gjennom østersen dersom han veks i nærleiken av slikt.

– Men eg har ete sjølvplukka stillehavsøsters. Det er god mat, men då har eg som fast regel at østers som ikkje har vore gjennom reinseanlegg må varmebehandlast, seier forskaren. Det vil seia: Plukkar du østersen sjølv, så kok han.

Kvasse i skalet

Dei to stillehavsøstersane Lizze Renate Rolfsnes plukka på Meling, vart etne opp av ein kjenning med god greie på sjømat. Det var ein dag med låg fjære som avdekka dei to østersane der dei låg, og truleg finst det fleire slike der ute langs strendene våre som ein altså bør plukka med seg om ein treff på dei.

– Også fordi dei er stygge å trakka på, med skarpe kantar i skalet, seier Rolfsnes som har tru på at blåskjel og flatøsters som naturleg høyrer til her i vår fauna skal få ha områda sine i fred.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.