annonse

Får kontrakt for «Viking Neptun»

NY KONTRAKT
NY KONTRAKT: "Viking Neptun" skal i sving for Merkur Offshore. Skipet vert nytta i støttearbeid i samband med bygging av ein vindmøllepark til hav. (Foto: HÅVARD HAMMARSTRØM/ARKIV)

Eidesvik har sikra seg ny kontrakt til «Viking Neptun» gjennom vintersesongen.

Nils-Tore Sele

Eidesvik-skipet «Viking Neptun» skal i arbeid for tyske Merkur Offshore i vinter, melder Eidesvik Offshore.

Skipet skal vera i sving med støttearbeid i marknaden for offshore-vind, heiter det i ei pressemelding.

Kontrakten til skipet startar midt i septemer og gjeld for fem månader framover, med ein opsjon på forlenging på yttarlegare to og ein halv månad.

Administrerande direktør i reiarlaget, Jan Fredrik Meling, er nøgd med at det er skaffa arbeid til skipet.

– Dette er den femte kontrakten som Eidesvik er blitt tildelt i offshore-vindmarknaden sidan byrjinga av 2016, seier han.

Arjen Schampers, administrerande direktør i Merkur, er også nøgd med kontrakten.

– Me er veldig trygge på at «Viking Neptun» vil vera ein stor bidragsytar for framdrifta mot endeleg drift av vindmølleparken i 1. kvartal 2019», går det fram av pressemeldinga.

Merkur Offshore Windfarm vert mellom dei største vindmølleparkane til havs i Tyskland. Vindmøllene vert installerte ute i havet, 45 kilometer nord for Borkum-øyene i Nordsjøen.

Dei kommersielle vilkåra i avtalen er konfidensielle mellom partane.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.