annonse

Får ny framdriftsleveranse til The Fjords

PRODUSERT PÅ BØMLO
PRODUSERT PÅ BØMLO: Dagleg leiar i Servogear AS, Torleif Stokke, med girboksen levert til «Legacy of The Fjords». No er det tid for ny leveranse. PRESSE (Foto: Servogear)
GRØN DRIFT
GRØN DRIFT: Miljøvenleg med batteridriven ferd langs fjorden for «Legacy of The Fjords». PRESSE (Foto: Servogear)

Servogear har fått kontrakten på leveranse av energieffektiv framdrift til The Fjords sin nye heilelektriske cruisebåt.

Nils-Tore Sele

Reiarlaget The Fjords har nok ein gong valt framdriftsløysing frå Servogear når dei skal byggja eit nytt fartøy i deira serie av miljøvenlege cruisebåtar. «Legacy of The Fjords» skal gå tilnærma lydlaust på batteri på Oslofjorden frå sommaren 2019.

Leverer til våren

Den nye kontrakten med verftet Brødrene Aa i Hyen vart signert no i fjerde kvartal 2018 og inneber at Servogear skal levera ei framdriftsløysing til det heilelektriske fartøyet «Legacy of The Fjords», ått av reiarlaget The Fjords.

– I Servogear er me utruleg nøgde med denne kontrakten på gir- og propellanlegg til «Legacy of The Fjords,» som syner at me har den teknologien som trengst for å gjera nærskipsfarten grønare. Me set stor pris på at me fekk levera til «Future of The Fjords», og at me no får ein ny sjanse, ser me på som ei tillitserklæring frå både reiarlag og verft, seier dagleg leiar Torleif Stokke i Servogear.

– Eg håpar kontrakten stadfester at dei er nøgde med ytingane til framdriftsteknologien vår og med samarbeidet elles. Me ser fram til å komma i gang med «Legacy of The Fjords», for me treng fleire grøne fartøy på sjøen, seier Stokke.

Møter tøffe krav

Leveransen vert tilnærma den same som til det førre elektriske cruisefartøyet til The Fjords. Bømlaverksemda byggjer vridbare propellar, akslingar, brakettar, propellartunnelar og girboksar til skipet. Installasjonen skjer våren 2019 hos Brødrene Aa, som er verdskjent for sine lettvekts hurtigbåtar bygd i karbonfiber.

– Me har god erfaring med Servogear etter å ha jobba tett saman i nærare 40 år. Sjølv om fartøyet ikkje skal gå i meir enn 20 knop, er Servogear si erfaring med hurtigbåtar viktig. Det er ein krevjande installasjon med tøffe krav til yting i høve til effekt, seier dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øivin Aa.

Han meiner det vert ei stor oppleving for innbyggjarar og turistar i Oslo å få koma om bord i eit fartøy utan motorstøy og med minimal støy frå propellane.

– Støynivået må vera lågast mogleg, og me er nøgde med å ha klart dei strenge krava frå reiarlaget på «Future of The Fjords». Når propellane er den siste kjelda til støy, må designen vera så optimal som mogleg. Me ser fram til å oppnå dei same gode resultata saman med Servogear også på «Legacy of The Fjords», seier Aa.

Grøn julebåt i Oslofjorden

Når «Legacy of The Fjords» kjem i drift på Oslofjorden i 2019, vert det det tredje fartøyet i serien av miljøvenlege fartøy frå The Fjords. Forløparane, hybride «Vision of The Fjords» (2016) og heilelektriske «Future of The Fjords» (2018), vart begge kåra til «Ship of the Year» i Skipsrevyen. Begge går i turisttrafikk mellom Flåm og Gudvangen i Sogn og Fjordane. Akkurat no går «Vision of The Fjords» som julebåt mellom Oslo sentrum og «julebyen» Drøbak.

– Me er stolte over å kunne ta det utsleppsfrie cruisekonseptet vårt til Oslo, der endå fleire får glede av desse fartøya. Suksessen med «Vision of The Fjords» i haust, tyder på at også osloborgarane set pris på å reisa miljøvennleg, med låge utslepp og lite støy, i fartøy med spektakulær design, seier dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik.

Westcon Power and Automation skal nok ein gong levera kraftsystemet om bord, og The Fjords var ikkje i tvil om at dei ville kombinera dette med framdriftsløysinga til Servogear også denne gongen.

– Då me gav Brødrene Aa kontrakten på «Future of The Fjords» hadde me berre eitt namn på vår «maker’s list,» og det var Servogear. Det vart Servogear på grunn av driftstryggleik og driftsøkonomi. Dei var med på å gjera store forbetringar i drivlina på det førre fartøyet, og me er svært nøgde med ytingane til framdriftssystemet. Det var difor heilt naturleg å gi Servogear sjansen att. Med deira gir- og propellanlegg treng me mindre energi for å flytta fartøyet, noko som aukar rekkjevidda for batteria, seier reiaren.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.