annonse

Får pengar til vêrradaren

Pengar til oppgradering
Pengar til oppgradering: Vêrradaren på Klovafjellet på Goddo skal oppgraderast for 12,9 millionar kroner. Arkiv (Foto: Ingvild Sjo)

Regjeringa føreslår å løyva 12.9 millionar kroner til oppgradering av vêrradaren på Goddo.

  • | Randi Olsen

Regjeringa foreslår å løyva 12,9 millionar kroner til ei omfattande oppgradering av vêrradaren på Bømlo. Det skriv Bømlo Høgre i ei pressemelding.

Ein vêrradar er utsett for stor slitasje, og kvaliteten på observasjonane går ned med alderen. Forventa levetid for ein vêrradar er om lag 15 år, før han treng ei såkalla midtlivsoppgradering. Vêrradaren på Bømlo vart sett opp i 2002, og er nå 17 år gamal. Radartårnet er 6,5 meter høgt, og vêrradarantenna står 104 meter over havet.

Verradaren på Bømlo overvakar nedbøren som kjem inn frå havet i vest mot kysten og Bergen og er svært viktig for vêrvarslinga i dette området. Ei framleis sikker og god vêrradardekning har stor betydning for vêrvarslinga av ekstremvêr og flaum i området.

Radaren på Bømlo bidrar også til betre varsling av flyvêret på Flesland, og dermed til auka flytryggleik, heiter det i pressemeldinga.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.