annonse

Feira finsk nasjonaldag

Kakefeiring
Kakefeiring: Administrerande direktør Hans Petter Nesse spretter kaka med Mummitrollet, Snorkfrøken og Lille My på den finske nasjonaldagen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Mummikake
Mummikake: Kva passar vel betre på den finske nasjonaldagen enn ei ekte Mummi-kake? (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Nasjonalsong
Nasjonalsong: Finske Andreas Södergran speler finsk nasjonalsong på elgitar. Håkon Tolås speler piano. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Onsdag var det 100 år sidan Finland vart ein sjølvstendig stat. Hundreåringen vart feira med kake hos Wärtsilä Norway i Rubbestadneset.

Håvard Hammarstrøm

Wärtsilä er som kjent eit finsk selskap. I alle einingane i konsernet verda over vart den finske nasjonaldagen feira onsdag. Det som gjer den finske nasjonaldagen ekstra spesiell i år er altså at det i 2017 er nøyaktig hundre år sidan grannelandet vårt vart ein sjølvstendig stat.

6. desember

Bakgrunnen for finsk sjølvstende i 1917 var dei russiske revolusjonane i mars og november dette året. Den russiske makta over Finland vart svekkja, og 6. desember 1917 erklærte den finske Landdagen Finland som sjølvstendig. Regjeringa i Russland anerkjente sjølvstende for Finland drygt tre veker seinare. 6. desember blir feira både som nasjonaldag og sjølvstendedag i Finland.

30 år i Rubbestadneset

Administrerande direktør Hans Petter Nesse sa til dei tilsette i Rubbestadneset onsdag at hundreårsdagen til Finland var vel verdt å feire. Han sa litt om kva me nordmenn forbind med Finland, og la til at Finland er så mykje meir enn fjernsynsteater, badstu og djupe skogar.

– Wärtsilä har vore til stades her i Rubbestadneset sidan 1986. Me har gode og aktive eigarar, og me er stolte av å ha Wärtsilä som eigar, sa han. Deretter vart det synt film der Wärtsilä-president Jakko Eskola sende ein helsing til dei tilsette. Presidenten sa mellom anna at Wärtsilä, grunnlagt 1834, har spelt ei sentral rolle i finsk historie.

Nasjonalsong

Etter dette gjorde Nesse eit heiderleg forsøk på å gratulere med dagen på finsk, før han introduserte ein finsk medarbeidar som er busett lokalt og jobbar i Rubbestadneset. Andreas Södergran spelte opp med den finske nasjonalsongen på elgitar, akkompagnert av Håkon Tolås på piano. Alle i kantina reiste seg medan nasjonalsongen vart spelt. Deretter vart det applaus.

Flotte kaker

Direktøren opplyste at det var tinga rikeleg med kake, så no måtte dei berre forsyne seg. Den flottaste kaka var utan tvil den som var pynta med Mummitrollet, Snorkfrøken og Lille My. Direktør Nesse fekk æra av sprette denne, og sidan stod dei tilsette i kakekø.

– Me tykkjer det er hyggjeleg å kunne feire den finske nasjonaldagen. Wärtsilä har vore viktig her i Rubbestadneset i over 30 år. Dagen blir feira i heile konsernet. Sjølv om det er mykje søtt i desember er det også eit fint høve til å feire med kake saman med dei tilsette, seier Nesse til lokalavisa.

Fin markering

For Södergran vart det litt spesielt å spele nasjonalsongen på gitar for kollegaene sine i Rubbestadneset. Han smiler breitt når han blir spurd kva ei slik markering tyder for han.

– Det er veldig kjekt at dagen blir markert på denne måten. Wärtsilä er jo eit finsk selskap, så det er kjekt at selskapet vil markere 100-årsdagen på denne måten.

– Og spesielt for deg å spele nasjonalsongen her i dag?

–Ja, eg vart spurd om dette på julebordet. Då kunne eg jo ikkje seie nei. Eg vart lova eit kor også men det kom aldri! seier han og ler.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.