annonse

Fekk motorstopp i Bømlafjordtunnelen

VART RASKT FJERNA
VART RASKT FJERNA: Det tok ikkje lang tid før bergingsbil slepte vekk personbilen som fekk motorstopp i Bømlafjordpolitiet. ARKIV (Foto: HÅVARD HAMMARSTRØM)

Sundag ettermiddag fekk ein personbil motorstopp i Bømlafjordtunnelen.

Nils-Tore Sele

Meldinga om at ein bil hadde stoppa i Bømlafjordtunnelen kom inn til politiet i 14-tida, sundag ettermiddag. Ein UP-patrulje var snøgt på staden, bilen vart trilla inn i ei lomme ved sida av vegen, slik at trafikken gjennom den undersjøiske tunnelen ikkje vart nemneverdig hindra.

Politiet opplyser at ikkje lenge etter at den første meldinga kom inn til dei, var bergingsbil på plass og fekk frakta personbilen vekk derfrå.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.