annonse

Fekk trivselsprisen

: Liv Gåsland Lidal fekk ta i mot prisen på vegner av avdelinga for Heimetenester, Geir Aga tildelte og Stein Høyland passa på at blomar, diplom og sjekk kom vel fram. (Foto: Mariann Gerdsdotter Sagvåg.)

Torsdag var det høgtidsam tildeling av Trivselsprisen i kommunen.

  • Bn: Mariann Gerdsdotter Sagvåg

Kvart år deler Bømlo kommune ut ein pris til ei kommunal avdeling eller etat. Ein jury på fem hadde det ikkje lett då dei berre skulle velja ei av dei 7 avdelingane som var innmelde til prisen.

Bømlo heimeteneste

Dei som for med prisen i år var Bømlo heimeteneste. Dette er ein stor avdeling, med mange tilsette. dei har lågt sjukefråvær, alltid lærlingar, som dei tek godt vare på. Liten grad av gjennomtrekk av tilsette. I avdelinga syt dei for ein inspirerande og motiverande arbeidsstad. Dei satsar systematisk på kunnskap og kompetanse og held høgt nivå trass i store omstillingar. Prisen vart overrekt av rådmann Geir Aga med god hjelp og medspel frå rektor ved kulturskulen Stein Høyland. Prisen er på 18 000 kroner, sidan dette handlar om ein stor flokk tilsette. I tillegg fekk dei sjølvsagt blomar og diplom.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.