annonse

Femteklassingar på Oppdrag havplast

Her er nokre av femteklassingane samla rundt dagens fangst
Miljøagentar frå Rubbestadneset: eit heilt tilhengjarlass med plastavfall! (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Full tilhengjar
Full tilhengjar: – Kan me ikkje samle inn meir no, spør Sebastian, men tilhengjaren er heilt full. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Reint og fint i stranda på Stokkneset. Frå venstre
Stranda ferdig rydda: Sebastian Hestenes, Apivit Sangpet, Tuva Amundsen og Maja Sundsbø Hansen (alle 10 år). (Foto: Håvard Hammarstrøm)

I løpet av knappe to timar fylte femteklassingar frå Rubbestadneset skule opp 30 sekkar med plast i strendene på Alvsvåg.

Håvard Hammarstrøm

Frå slutten av mai har om lag 5.000 femteklassingar i Kyst-Noreg vore med på ein landsdekkjande strandrydjeaksjon. Målet har vore å gjera ein innsats for dyrelivet i havet.

Bak «Oppdrag havplast» står Miljøagentane i samarbeid med Finn.no. Aksjonen starta 28. mai, og blir avslutta kommande måndag.

Enormt med plast

Femteklasse på Rubbestadneset skule tok turen til Stokkneset på Alvsvåg fredag morgon. Dei var framme litt over klokka ni, og tok straks til med å fylle opp sekk etter sekk med plastavfall som låg i strandsona. Då klokka nærma seg 11 var det rett og slett ikkje plass til meir bos i tilhengjaren dei hadde med seg. Heile 30 sekkar var breiddfulle med avfall.

I «Oppdrag havplast» får kvar femteklasse levere inn sekkane til nærmaste miljøsentral. Skuleklassen får 100 kroner for kvar sekk dei leverer. Femteklasse på Rubbestadneset skule var dermed sikra 3.000 kroner. I tillegg skulle elevane dokumentere prosjektet i ei annonse på Finn. Blant alle deltakarane blir det delt ut tre prisar på 10.000 kroner kvar i premie til dei som har laga dei beste og mest kreative annonsane.

Premierer miljøinnsatsen

– Oppdrag Havplast går som ei forlenging av den nasjonale strandrydjeveka som byrja 30. april. Plast i havet er eit tema som verkeleg engasjerer både elevar og lærarar, og me veit at det er mange barn som skipar til lokale strandrydjeaksjonar. Difor ønskjer me å gje ein premie til alle klassane som er ute og gjer ein ekstra miljøinnsats for havet, seier dagleg leiar Are Shaw Waage i Miljøagentane i ei pressemelding.

Plast frå mange land

Tiåringane Sebastian Hestenes, Apivit Sangpet, Tuva Amundsen og Maja Sundsbø Hansen fortel om store mengder bos i strandsona. Isopor, flasker frå Australia og USA og ei kanne full av olje.

– Me har sikkert funne minst 30 Qtips. Nokre trur visst dei berre kan kaste Qtips i do eller i vasken, men då hamnar dei i havet, seier Tuva.

– Me fylte opp tre sekkar berre i maurtua her. Me har funne fire lighterar, ein ølboks, og ein deodorant. Det kjennest bra å hjelpe miljøet, seier Sebastian.

– Ja, det er gøy å hjelpe livet i havet, men trist at nokon kastar bos i havet. Tenk at snart kan det vera meir plast enn fisk i havet, seier Maja.

– Ja, og at det er vaksne som gjer dette, seier Apivit.

– Tenk at dei kastar bos sånn at andre må plukke det opp, seier Sebastian.

– Dei tenkjer lite på dyra. Fisk et plast og trur dei er mette, og så svelt dei i hel, seier Maja.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.