annonse

Fiskerihamna kan bli framskunda

: Ei fiskerihamn her i Hovlandshagen ligg no inne i Nasjonal transportplan. Liv Kari Eskeland håper fiskerihamna kan realiserast før 2024. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
: Liv Kari Eskeland og statssekretær Tom-Christer Nilsen har diskutert fiskerihamna i Hovlandshagen på Høgre sitt landsmøte. (Foto: privat.)

Liv Kari Eskeland (H) sa frå Høgre sitt landsmøte fredag at fiskerihamna i Hovlandshagen kan bli løfta fram i første del av Nasjonal transportplan (NTP) med ei alternativ finansieringsløysing.

Håvard Hammarstrøm

Høgre-politikaren seier til Bømlo-nytt at det var ei gladmelding då Bømlo fiskerihamn kom med i NTP. Eskeland meiner dette er eit prosjekt som får stor betydning for ei viktig næring i Bømlo. Fiskerihamna ligg likevel inne først i andre del av NTP-perioden, og kan dermed bli realisert først ein gong etter 2024.

Alternativ løysing?

Eskeland håper likevel at det skal vera mogeleg å få bygd ei ny fiskerihamn i Hovlandshagen alt i første del av NTP-perioden. Den tidlegare Stord-ordføraren og stortingsrepresentanten for Høgre har, under Høgre sitt landsmøte, utfordra statssekretær Tom-Christer Nilsen i Samferdsledepartementet på om det kan finnast ei alternativ løysing som sikrar tidlegare realisering. Statssekretæren er samd med Eskeland i at fiskerihamna vil vera viktig i det å leggja til rette for fiskerinæringa. Når næringa har eit sterkt ynskje om å få på plass fiskerihamna tidlegare må kvar stein snus for å sjå på om det er mogeleg å finna ei løysing, meiner Eskeland.

Kan forskoterast

Ho har spurd Nilsen om det er mogeleg med ei finansieringsløysing der kommune og næringsliv finansierer rentekostnadene fram til det kjem pengar frå Staten. Kan prosjektet då framskundast? Dette var også eit alternativ som vart lufta då partikollegaene Øyvind Halleraker og statsråd Monica Mæland vitja Bømlo i slutten av januar, påpeiker Eskeland. Nilsen avviser ikkje at dette kan vera eit mogeleg alternativ.

- Me har tidlegare hatt forskotering på riksvegprosjekt. Eg kjenner ikkje til at ideen er nytta for fiskerihamner før. Personleg tykkjer eg ikkje det er prinsipiell skilnad på kai og veg i høve til dette, så dette må me vurdere, seier Nilsen.

Inviterer til møte

Med dette svaret frå statssekretæren tykkjer Eskeland det er interessant å finne ut om næringslivet og Bømlo kommune ser dette som ei aktuell løysing, og ein farbar veg å gå.

- Ei samling med kommune og aktuelle næringsaktørar der saka blir drøfta kan vera ein god start, seier Eskeland avslutningsvis. Ho legg til at ho gjerne blir med for å finne ei god løysing som kan leggja grunnlaget for ei god fiskarhamn.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.