annonse

Fleire søkjer plass på vidaregåande skule i Bømlo

Gladmelding
Gladmelding: Begge dei vidaregåande skulane i Bømlo opplever auke i søkjartala i år. Her Bømlo vidaregåande skule. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)
Nøgd fylkesordførar
Nøgd fylkesordførar: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er glad for at søkjartala til vidaregåande skule aukar i Hordaland. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)
Søkjartala

Både Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregåande skule opplever auke i søkjartala frå i fjor til i år.

Håvard Hammarstrøm

Ein fersk prognose frå Hordaland fylkeskommune syner at 297 unge har søkt skuleplass på Bømlo vidaregåande skule i år mot 278 i fjor. Dermed har skulen hatt ei auke i søkjartalet på 19. Også Rubbestadnes vidaregåande skule kan gle seg over vokster i søkjartala. I fjor var prognosen på 137 søkjarar. I år er talet 157. Ei auke på 20 elevar er godt nytt for skulen i Rubbestadneset.

Auke i Hordaland

Ser me på prognosen for søkjartal på Stord vidaregåande skule går søkjartalet her med 92 frå 907 til 815. Søkjartalet på Fitjar vidaregåande skule går opp med 14 frå 240 til 254. Totalt sett går søkjartala opp i Hordaland. 18.995 elevar har søkt plass i år. Det svarer til ei auke på 361 frå i fjor. Av dei 18.995 søkjarane har 17.310 ungdomsrett til vidaregåande utdanning. Talet aukar med 235 frå i fjor trass i at elevkullet frå 10. klasse i Hordaland er 152 færre enn i fjor. Hovudårsaka til auken er at retten til vidaregåande utdanning er utvida til 25 år.

Nøgd fylkesordførar

– Sjølv om me ser at det er nedgang i tal elevar som går ut av ungdomsskulen, så får me større søking til våre skular. Det er svært positivt. Eg trur elevane er godt nøgde med tilbodet dei får, og ønskjer å gå på våre vidaregåande skular, uttaler fylkesordførar Anne Gine Hestetun i pressemeldinga frå Hordaland fylkeskommune. Også fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, er glad for utviklinga.

– Me er godt nøgde med at så mange søkjer skulane våre. Me kan tilby svært gode skular med flinke tilsette med god kompetanse, seier fylkesdirektøren.

Populære fag

Av søkjartala går det fram at det er helse- og oppvekstfag, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon (TIP), og studiespesialisering som har størst auke. Helse og oppvekst har hatt auke i fleire år og passerer 1.100 søkjarar til vg1. Dette er det nest største studiet etter studiespesialisering som aukar med 114 til 2.554 søkjarar. TIP aukar med 70 til 658 søkjarar, medan service og samferdsel aukar med 43 til 294 søkjarar. På dei andre studieretningane er det berre mindre endringar.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.