annonse

Flest personar mellom 10 og 19 år i Bømlo

SAMANSETJING
SAMANSETJING: Det er flest bømlingar i aldersgruppa 10 til 19 år, stort sett den aldersgruppa som er representert i Bømlo Tensing. (Ill. foto)

Dei av oss som er mellom 10 og 19 år utgjer den aller største aldersgruppa her lokalt. Her er den «unge» alderssamansetjinga i Bømlo.

For første gong kan me i dag presentere alderssamansetjinga i Bømlo kommune. Dette er basert på 10-årige grupper, og tala er henta frå Statistisk sentralbyrå. Det er flest personar mellom ti og 19 år, avslører desse tabellane.

Aldersgrupper i Bømlo

Alders-statistikken er henta ut frå data som gjeld for fjoråret. Alt i alt dreier det seg då om 11.778 personar med adresse i Bømlo. Og desse er så delte opp i ti aldersgrupper. Største gruppe er altså dei som er mellom 10 og 19 år. Det er totalt 1.747 av dei i Bømlo, noko som utgjer heile 14,8 prosent av folkemengda her. På landsbasis er det «berre» 12,2 prosent.

Den nest største delen høyrer til faktisk dei som er under ti år, med 13,5 prosent. Det er same del som dei mellom 40 og 49 år. Delane blir naturleg nok mindre og mindre dess høgare alderen blir. Totalt er det 532 personar over åtti år i Bømlo. Av desse er det 134 som er over nitti år, og tre som har passert hundre år.

Størst del i Noreg

På landsbasis er det dei mellom 40 og 49 som toppar med 14,3 prosent. Her er delane ganske like mellom dei i tjueåra og dei i trettiåra, med høvevis 13,5 og 13,3 prosent. Det var i fjor om lag 44.000 bebuarar i Noreg som hadde passert nitti år, og 942 av dei var komne opp i tresifra mengda år.

For 20 år sidan var største delen i Noreg blant dei mellom 20 og 29 år - altså dei same menneska som i dag er i førtiåra.

I Hordaland er det dei i tjueåra som «dominerer», med ein del på 14,6 prosent.

Skjer endringar

SSB har påpeikt at det er store forskjellar i aldersstruktur i norske kommunar. Mange unge flytter frå utkanten og inn til dei store byane - og vidare til byane sine omlandskommunar.

Kommunane langs svenskegrensa har mange eldre og få unge innbyggjarar. Det same er tilfelle med bortimot alle innlandskommunane i Noreg. Men etter kvart som tida går, så vil utviklinga bli motsett. Kommunane som har vore «unge» vil med tida få ein naturleg auke i delen eldre, mens eldredelen i dei «gamle» kommunane vil gå ned.

Yngve Johnsen, En-to-tekst

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.