annonse

Følg valet direkte hos Bømlo-nytt

Val 2017
Val 2017: Jan Peder Torkelsen var blant dei første som putta røystesetelen i urna på Svortland skule på valdagen. I kveld kan du følgja oppteljinga direkte via Bømlo-nytt sin eigen valportal som du finn øvst på nettsida vår. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)

I kveld kan du følgja oppteljinga og resultata direkte hos Bømlo-nytt.

Randi Olsen

For første gang presenterer Bømlo-nytt sin eigen valportal der du kan følgja oppteljinga av røystene direkte. Ved å gå inn på Val 2017 oppe til høgre på nettsida vår, kjem du rett inn i valportalen. Den opnar klokka 2100, og vil bli oppdatert fortløpande utover kvelden og natta.

Her kan du sjå mandatfordelinga mellom dei raud-grøne og dei borgarlege bevega seg fram og tilbake, du kan følgja oppteljingsresultata nasjonalt og på fylkes- og lokalnivå, med endringar og historikk. Til og med røystegjevinga i dei ulike krinsane i kommunen vår kan du sjå her.

Du kan følgja regjeringskampen, blir det Erna eller Jonas som leiar landet vidare?

Du kan følgja kampen om mandata, kven er inne, kven er ute, og kven tek det siste mandatet? Det blir ekstra spennadne i Hordaland, der kvar enkelt stemme avgjer kven som får det siste mandatet.

Det vert eit særs spennande val, der ingenting er avgjort før siste røysta er talt opp. No kan du altså følgja det uhyre spennande valet via Bømlo-nytt si nettside. Det er NTB som leverer tenesta.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.