annonse

Folkevandring for den vidaregåande skulen i Rubben

: Fullt overalt på Rubbestadnes vidaregåande skule på torsdag. Her under informasjon til føresette, bygdefolk og andre interesserte.
: Fullt i verkstaden til TIP(teknikk og industriell produksjon)-elevane også.
: Thomas Grønås Dagsland Vg. 2 industriteknikk har mata ein 3D skrivar med informasjon nok til å får printa ut dette mobildekselet med motiv av Donald Trump. - Det tok pointeren kring fem timar å laga dekselet, fortalde eleven. Men då kunne han gjera noko anna imens.
: Mikael Ervik på Vg. 1 Tip. er full sving med å sveisa saman eit fiskekar i aluminium. Eit tingingsverk frå ein fiskar.
: «Matrosar» på veg mot brua? Vg. 2 maritim elvane øver på å stikka ut rett kurs.
: Ådne Klubben Røyrøy, Erik Teigland og William Waage Haugen går på Vg. 2 automasjon. Her testar dei eit fotballspel dei har laga, med lysdiodar som kveikjast for kvart mål dei skårar.
: Olve Offernes Rusten Vg.1 tip har mata ein CNC-maskin til å fresa ut tre firkantar med hol i, der eine firkanten ligg inni den største og ein enda mindre inni den igjen. Dei er freste ut av ein solid messingsylinder.

Det var folksamt i og rundt «yrkesskulen» i Rubbestadneset (RVG) heile torsdag. Skulen arrangerte «open dag».

  • Mariann Gerdsdotter Sagvåg

Her var næringsdrivande, føresette, elevar, lærarar og andre tilsette ved skulen og interesserte bygdefolk generelt. Heile dagen fekk elevane høyra dei ulike verksemdene sine ynskje om arbeidskraft og korleis ein god lærling tek seg ut. Alle dei om lag 20 verksemdene og reiarlaga som gjorde seg lekre på torsdag hyser ein eller fleire nye lærlingar kvart år.

Fullt i rom C103

Bedriftene let seg presentera samla. Solfrid Sønstabø Stavland opna med sitatet;

- Hjernen styrer hendene, men hendene kan også påverka hjernen.

Ho fortalde om kva type lærlingar dei hadde bruk for i Servogear, Matre maskin, Olvondo og Wärtsilä. Store verksemder der 90 prosent av produksjonen vert selt ut av landet. Verksemder som har sitt opphav i og kring denne skulen, og som har utvikla tenlege og framtidsretta produkt som ein ikkje finn andre stader i verda. Fleire av verksemdene har kontor og/eller samarbeidspartnarar i alle verdsdelar.

- Slik situasjonen er nett no har me ofte lurt på om lyset me ser i tunnelen er opninga på andre sida eller eit tog som kjem i mot, eller kor lang tunnelen eigentleg er. Men me har trua på det - og me treng fleire lærlingar.

Så minna ho folk på kva sjefen for Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth sa om yrkesfag. ... støtt dei unge i val av yrkesfag, dei kan seinare ta vidareutdanning i alle retningar .... Endeleg informerte Sønstabø Stavland om Opplæringskontoret for mekaniske fag og elektrofag i Bømlo, OME.

Kompetanse i oss sjølv

Reiarlaga var representerte ved Eidesvik Shipping og deira personaldirektør Erling Lodden. Han opna med å forklara at han studerte fylket sine krav til ein god vidaregåande skule veldig nøye, og hadde ikkje funne anna enn at RVG dekkjer alt og meir til.

- Noko alternativ til skuletilbodet me har på øya i dag finst ikkje, la det vara klinkande klart, sa han, og la til at det einaste må vera at det vert styrkja og utvida. Eit oppslag frå Bømlo-nytt på lystavla illustrerer initiativ og engasjement, der skuleungdommar leverte ordføraren 4008 underskrifter med krav om å behalda RVG.

- Me skal ha skikkelege utdanningstilbod i kommunen, sa Lodden. Det vart mykje skryt over bømlingane som tiltaksfolk som får det til på brei front. Til applaus og humring.

- Berre å vera bømling er ein kompetanse i seg sjølv, slutta han.

- Utviklinga av RVG må komma i rett rekkjefølgje. No er pilotprosjektet i gang, så må me sjå kva fag me treng. Slik industrien er her i Rubbestadneset, er dette rett plass for skulen.

Lodden hadde hatt mange samtalar med elevane og gjort greie for korleis dei tenkjer i reiarlaget, slik at dei veit kva reiarlaget treng.

Eidesvik har bruk for mange lærlingar. Dei har 500 eigne tilsette, kring 230 innleigde og 23 skip. Reiarlaget er framsynt og på full fart inn det «grøne skiftet». Som fyrste reiarlag i verda har dei fått eit batteridrive skip. Ein hybrid.

- Det skjer noko i heile verda, noko me kan vera med på, no tek alt berre litt lengre tid, forklarte Lodden om å vera i lågkonjunktur.

Plass til lærlingar

Bedriftene er ute etter lærlingar. Endå viktigare kanskje er alle dei verksemdene som har knytt seg til opplæringskontora. Geir Fridtjof Foldøy, opplæringsansvarleg for maritime fag, fortalde at i fjor fekk alle kvalifiserte lærlingar innan maritime fag, 134, lærlingplass. Dei kjem frå seks ulike vidaregåande skular, frå Bergen til Kristiansand.

Meir munter humring

Det losna for alvor då Rune Nesse frå Finnås kraftlag skulle presentera el-bedriftene. Sidan Jakob Særsten i Los elektro var til stades, vende Nesse seg dit.

- Jakob'en er jo her, han kan fortelja om LOS sjølv.

Dermed var dei gang. Mellom mykje spennande informasjon om framdrift og oppgåver for LOS, fall kommentarar som lokka låtten fram. Særstein peika på at for framtida måtte ein sikra el-nettet ved å grava det ned, eller bora gangar i fjellet. Slik at leidningane ligg trygt. LOS har nett utvikla ein ny metode for kabeltrekk gjennom borehol.

- Kraftlaget vil jo helst ha luftspenn, erta Særsten. Under eit skikkeleg snøfall sit brått 10.000-20.000 abonnentar utan straum.

- Men kraftlaget må knyta på nye og kopla frå gamle og ofte sjå kva dei balar med, så noko må skje i lufta, slik er det, gjorde Nesse klart. Ein lett og munter stemning låg over forsamlinga, der lått og humring avløyste klappsalvane.

Rubbestadneset opp og fram

- Med denne nye satsinga som er i gang her nede i Rubbestadneset vil det bli kring 200 nye arbeidsplassar i fyrste omgang. For dette kjem. Me har hatt kontakt med reiarlag som seier at om dette alt var i drift ville dei komme i dag den dag, fortalde ein ivrig Jakob Særsten. Han hadde også fått førespurnader frå fleire andre verksemder frå kringom om å få etablera seg i denne klyngja.

- Så Rubbestadneset blir ein enda meir attraktiv stad frametter. RVG er svært viktig i denne utviklinga og kan ikkje flyttast, i tilfellet måtte det bli nokre meter nærare sjøen, slutta Særsten.

Bygdefolket stiller

Medan 120 menneske sat og fekk med seg informasjon og siste nytt på industrifronten gjekk eit femtitals personar rundt i gangane og i verkstadane på skulen, der elevane informerte. Dessutan var det i gangen ein fann mat og drikke.

For Richard Martin Kvarven og Hans Borgen er det sjølvsagt at dei er på skulen når det er open dag. Dei er ikkje dei einaste.

- Her kjem me for å oppdatera oss på kva som skjer, seier Kvarven. - Klart det, legg han til.

- Her treff me ofte folk me ikkje har snakka med på ei stund, seier Borgen og fortel at han tidlegare har vore vaktmeister ved denne skulen, og ved Bømlo vidaregåande.

- Dette bygget er eit skikkeleg solid bygg, skryt han. Kvarven vil gjerne minna om museet i Smio.

- Elevar kan komma å sjå og læra om den tidlege industrien i kommunen. No får dei slik informasjon av lærarar som ikkje veit kva dei snakkar om, smiler han ivrig.

Gode tilbakemeldingar

Ass. rektor Helge Harkestad fortel til avisa at dei har fått svært gode tilbakemeldingar etter torsdagen. Særleg var ungdomskuleelevane nøgde og syntest dei hadde fått godt innsyn i kva skulen har å by på.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.