annonse

– Forsiktig med open eld

Bål ute av kontroll
Bål ute av kontroll: Bømlo brann og redning fekk raskt kontroll over brannen på Hiskjo. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Eit bål som kom ut av kontroll var årsaka til brannen på Hiskjo i middagstider fredag. Brannsjefen ber publikum vera forsiktig med bruk av open eld ute.

Håvard Hammarstrøm

Bømlo brann og redning rykte ut til eit bustadhus på Hiskjo like før klokka 11. Det var snakk om eit bål som hadde komme ut av kontroll. Brannvesenet var raskt på staden og fekk sløkt brannen. Ein politipatrulje var også på staden. Det fine vêret gjer at det byrjer bli tørt i terrenget, og det er meld moderat brannfare.

– Ein kan spørre seg kva poenget er med å stå ute i marka og brenna bål på ein dag som denne. Her er vind, og dette tykkjer me ikkje noko om. Folk ønskjer å rydde, og så tenkjer dei ikkje igjennom konsekvensane. Så har dei kontroll heilt til det tek fyr i graset. Men heldigvis var dei flinke og ringte til oss, slik at me kom til og fekk sløkt før dette vart til noko større. Det skal dei ha, seier brannsjef Ove Halleraker til Bømlo-nytt.

Kan brenning utsetjast?

Brannsjefen har ei oppmoding til alle som vurderer open eld ute no.

– Ein trur ein har kontroll, men så er det veldig tørt. Kan ein utsetja brenning så bør ein gjera det til det er litt våtare rundt om. No er det veldig tørt. Bruk stor fornuft no med tanke på bålbrenning.

– Er det aktuelt å gå ut med bålforbod?

– Me har hatt telefonmøte med 110-sentralen i dag, og me vurderer det, men me har ikkje gått til det steget enno. Me ønskjer jo at folk skal kunne kose seg i marka og kunne grille seg ei pølse, men folk må bruka fornuft. Det er stort ansvar å brenna bål. Dei som misser kontrollen over eit bål kan risikere å få ein reaksjon frå politiet og bøter. Det er eit stort ansvar. Det må folk vera medvitne om.

Ber om varsemd

 – Det er meld moderat brannfare?

– Ja, det er gult farenivå no. Det neste er raudt, som tyder totalforbod.

– Så du oppmodar om stor varsemd ved bruk av open eld utandørs?

– Ja, stor varsemd, og spesielt slik som her i marka der marka kan kjennast fuktig ut, men alt som veks opp, slik som buskar, tre, spesielt bartre, er knusktørt, og gammalt gras? Det er full fyr med ein gong.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.