annonse

FOU-senteret til Unitech

: Unitech kunne presentere heilt nye teikningar av sitt nye FOU-senter i førre veke. Her eit utsnitt av interiørskissa laga av Rift AS.
: Styreleiar og gründer Bernt Hellesøe fortalde om framtidsplanane sine til dei folkevalde. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
Det nye FOU-senteret blir i tre etasjar, med grav og traverskran slik denne teikninga syner.  Interiørskisse
Det nye FOU-senteret blir i tre etasjar, med grav og traverskran slik denne teikninga syner. Interiørskisse: Rift AS.
Dette er saka

Formannskapet fekk i førre veke presentert nye teikningar som syner det nye forskings- og utviklingssenteret til Unitech i Rubbestadneset. Senteret skal etter planen bli plusshus. Sjå korleis senteret kan bli sjåande ut innvendig her.

Håvard Hammarstrøm

Styreleiar og gründer Bernt Hellesøe i Unitech kunne avsløre fleire nye detaljar om det nye FOU-senteret då han og prosjektdirektør Liv Kari Eskeland møtte formannskapet i førre veke.

Nye teikningar

Mellom anna kunne han presentere heilt nye teikningar som syner korleis senteret vil sjå ut utvendig og innvendig. Det vart streka under at eksteriørteikningane ikkje gav eit heilt oppdatert bilete av korleis området vil bli sjåande ut. Teikninga som Bømlo-nytt presenterer i dag gir likevel eit godt bilete av korleis senteret vil bli sjåande ut på innsida. I enden av dette lokalet blir det likevel ein rett vegg, og ikkje bua slik det ser ut her. Her skal det setjast inn ein stor port som gjer at ein kan ta inn større komponentar i hallen.

Plusshus

Hellesø sa til formannskapet at FOU-senteret skal vera tiltalande estetisk sett. Her skal vera mykje stål og glas, men bygningen skal liggja fint i terrenget. Hellesø er oppteken av å utvikle ny miljøteknologi og miljøvennlege løysingar. Målet er at det nye FOU-senteret skal vera eit plusshus. Det vil seia at bygningen produserer meir elektrisitet enn det brukar. For å sikre dette blir det lagt opp til utstrekt bruk av moderne solcellepanel, spesielle, låge vindmøller på taket og utnytting av havstraumar i sundet utanfor som kan generere elektrisitet. I tillegg er det aktuelt å utnytte jordvarme etter kvart.

Fyrlykt

Hellesø har tidlegare sagt at FOU-senteret ikkje skal vera prangande. Han kunne likevel opplyse at han alt hadde investert i ei fyrlykt i stål og glas som skal stå på FOU-senteret. Lysblink frå fyrlykta to gongar i minuttet skal ein kunne sjå på lang avstand. Hellesø sa til dei folkevalde at det gjekk an å skru av lysblinket dersom det vart opplevd som for sjenerande for naboane.
- R&D-senteret skal vera eit design- og utviklingssenter for action forsking, testing, utprøving og vidareutvikling av komponentar og utstyr. Dette kan vera innan segment offshore, olje, gass, fornybar energi, marine, maritim og forsvar, skriv prosjektdirektør Liv Kari Eskeland i ein e-post til Bømlo-nytt.

Viktige føresetnader

I møtet med formannskapet la Eskeland til at det var tre viktige føresetnader som var viktig for at Unitech valde Rubbestadneset. Bømlopakken gjer at det er enkelt å ta seg fram hit. Industriområdet i Rubbestadneset er dessutan gryteklart, og for det tredje er her det ho omtalte som eit fenomenalt kompetansemiljø. Då kommunen i tillegg synte stor velvilje var valet til slutt enkelt. Ho streka under at det framleis er nokre humpar i vegen.
- Me er kontakta av fleire firma som ønskjer å bli med i Rubbestadneset.no. Det er eit formidabelt engasjement i Rubbestadneset no, sa Eskeland. Ho la til at dei ønskte dialog med innbyggjarane i bygda velkommen.

Stor investering

Hellesøe takka formannskapet for at selskapet fekk presentere seg her. Han streka under at det for Unitech er snakk om betydelege investeringar.
- Me skal bruke atskilleg av sparepengane våre i Rubbestadneset. Det må og skal gå bra. Eg har ikkje råd til å bomme her. Eg har sett korleis NASA har fått fram gode løysingar. Noko av dette vil eg ta med meg til Rubbestadneset og Norwegian Marine & Energy Complex. Til no har me mista halvanna år. No har me ingen tid å miste. Me vil byggje opp ingeniørkompetanse, og eg er blitt kontakta av ingeniørar ute som ønskjer seg heim att. Me skal lage det framtida treng, sa Hellesøe.

Eineståande i Noreg

Og han la til:
- Kunne me ha gjort dette i Stavanger, Bergen eller Oslo? Aldri i livet. Det skjer ikkje noko liknande i Noreg i dag, sa Hellesøe, Han opplyste også under vegs om investeringar i fleire selskap, mellom i eit selskap som forskar på lakselus. Ordførar Odd Harald Hovland takka for orienteringa.
- Det er eit utruleg potensial i Rubbestadneset, og me har også enorm tru på dette. Me likar også tilnærminga de har til området og det at de ikkje berre ønskjer å leggja alt flatt, sa han.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.