annonse

Frå Nordsjøen til Hardangervidda

Frå skrota bilar til turistar
Frå skrota bilar til turistar: Hallvard Nesse har jobba som skipper i Nordsjøen i 30 år, blant anna med frakt av skrota bilar til London. No fraktar han turistar inn på Hardangervidda. (Foto: )

I 30 år har han gått som skipper i Nordsjøen. No fraktar han tusentals turistar inn på Hardangervidda.

– Eg storkosar meg, seier Hallvard Nesse (69). Pensjonist med bustad på Bømlo i Sunnhordland, men no i sommar med midlertidig adresse Halne Fjellstugu.

Båtruta han har ansvaret for, har eksistert sidan 1954.

Kortar ned avstanden

Det er Halne Fjellstugu ved Riksvei 7, midt på Hardangervidda mellom Geilo og Eidfjord, som har engasjert skipperen. Dei drifter båten «Halnekongen» som heile sommaren fraktar fjellvandrarar inn på vidda.

Den nær ein time lange båtturen på Halnefjorden, betyr at avstanden til dei nærmaste betjente hyttene blir overkommeleg både for barnefamiliar, eldre og andre som kanskje er i tvil om kor langt dei kan gå. Den nærmaste turisthytta kan nåast på to timar.

Aldri opplevd makan

I sommar har fjellet eksplodert av folk. Den Norske Turistforening melde om rekord allereie tidleg i juli, og alt tyder på at det går mot besøkstal på hyttene som ein aldri har sett tidlegare.

– Eg har jobba med fjellturisme i heile mitt vaksne liv, men har ikkje opplevd makan til det som skjer nå. Det seier Geirmund Tormodsgard som eig Halne Fjellstugu.

– Både trafikken langs vegen og i fjellet er større enn nokon gang.

Turistverten på Turistforeningens hytte Rauhelleren, Hans Olav Lægreid, seier det same.

– Og det gledelege er at stadig fleire yngre og barnefamiliar har oppdaga det fjellet har å tilby.

Rauhelleren er ei av hyttene som nyt godt av båten. Det tar om lag fire timar å gå frå brygga inst i Halnefjorden til hytta.

Blide fjes

Skipper Hallvard Nesse seier at det berre er blide fjes blant dei mange passasjerane som kjem om bord.

– Nokre er litt slitne, men folk kosar seg. Og med dei temperaturane som har vore i det siste, så er alt berre fryd og gaman.

Fire gonger kvar dag kryssar han Halnefjorden, ein morgonavgang og ein midt på dagen. I seks veker skal han sørgje for at folk kjem inn og ut av Hardangervidda.

– Betre pensjonistjobb enn dette er det ikkje mogeleg å få, smiler skipper Nesse.

– No er kona kommen på besøk også. Blide fjellvandrarar på dagen og hyggeleg privatliv om kvelden; dette er slik det skal vere.

Av Odd G. Nordengen (tekst og foto)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.