annonse

Frå snø fredag til sol på sundag

Varierande vêr
Varierande vêr: Som dette biletet frå Langevåg syner har det vore vekslande vêr med nokre sludd- og haglbyger på Bømlo fredag. (Foto: Geir Einarsen)

Det blir grått og vått i morgon, men sundag skal bli ein fin dag vêrmessig.

Håvard Hammarstrøm

Det kan me lese ut av vêrvarselet for dei neste dagane. Det meste av fredagen var det meld mykje pent vêr, men som biletet frå Lagevåg syner har det vore varierande vêr med både sludd- og haglbyger. I skrivande stund i 13-tida er det sol på Svortland. Dagen i dag starta med vind opp i 15 meter pr. sekund i Espevær, men vinden minkar utover dagen. Utover ettermiddagen skal det skye til. I kveld er det venta nedbør, og også laurdagen blir grå med nedbør.

Laurdag kveld er det meld at regnet skal gje seg, og sundagen ser veldig bra ut. Då er det meld sol. Så då er det berre å finne fram tursko og turstøvlar. Dei som skal ut på tur bør gjerne kle seg godt, for temperaturen går litt ned, og sundag er det meldt mellom minus ein grad og to plussgrader. Kjelde her er Yr.no.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.