annonse

Frivilligsentralen ser etter reservebesteforeldre

KONTAKT
KONTAKT: May Brit Alvsvåg og Anne T. Johannessen er ute etter å komma i kontakt med bømlingar som kan tenkja seg å vera reservebesteforeldre for to tilflyttarfamiliar frå andre delar av Norge. (Foto: NILS-TORE SELE)

Frivilligsentralen har sidan før jul i fjor engasjert seg for å finna reservebesteforeldre til to familiar som har flytta til Bømlo.

Nils-Tore Sele

– Me har opplevd god respons på facebooksida vår, mange har sett innlegga, men ingen har meldt seg. Difor prøver me no gjennom lokalavisa, seier May-Brit Alvsvåg og Anne T. Johannessen i Bømlo Frivilligsentral.

Det er ikkje ofte frivilligsentralen blir kontakta på dette viset for å hjelpa, men det har hendt.

For nokre år sidan skaffa frivilligsentralen reservebesteforeldre til ein familie frå Tyskland som hadde flytta til Bømlo. Denne gongen gjeld det to norske barnefamiliar som har flytta til øya frå andre kantar av landet.

Håpar på napp

– Ei av mødrene ønskjer seg spesielt ein mann som kan vera som ein besse for sønene hennar. Ein som kan vera eit godt førebilete frå generasjonen over foreldra, seier Alvsvåg.

Ho fortel at frivilligsentralen på eige initiativ også har ringt rundt til bømlingar i passande alder som dei meinte kunne fungera som reservebesteforeldre, men har enno ikkje fått napp.

– Me har nokre namn til på blokka, men håpar at artikkelen i lokalavisa kan få fart på responsen, seier Johannessen.

Ikkje likt overalt

Alvsvåg og Johannessen seier at det er stort fokus på å syta for ei god integrering av flyktning- og innvandrarfamiliar som kjem til Bømlo. Det er ikkje alltid like lett for norske familiar som kjem til Bømlo å skaffa seg eit nettverk.

– Det er nok eit generelt samfunnsproblem, dette, det gjeld ikkje berre Bømlo, meiner Alvsvåg.

– Så sit me også med inntrykket av at det er skilnader på dette frå bygd til bygd på Bømlo. Nokre stadar er det lettare å gli inn i lokalmiljøet enn andre, seier Johannessen.

– Det er sosiale folk, begge familiar, det er ikkje det, men det har vore vanskeleg å få seg eit nettverk på Bømlo for dei, fortel dei.

Vanskeleg å komma inn på

I den eine av familiane er begge barna i skulealder. I den andre familien, med fire barn, har nokre av barna byrja på skule.

– Kjekke familiar begge to, seier Alvsvåg.

– Har de i frivilligsentralen inntrykk av at det er store «mørketal» rundt dette på Bømlo, det vil seia at tilflyttarar slit med å få seg eit nettverk der dei bur?

– Me trur nok det stemmer, nikkar begge to.

– Eg har eit ferskt døme på det, seier May Brit Alvsvåg. – Sonen min i Bergen kontakta meg i fjor haust. Han sa til meg at eg snart ville få vitjing av eit par som han kjende. Dei hadde fått seg jobb her og flytta til Bømlo. Eg tenkte ikkje meir på det, men fekk ikkje noko besøk. Så spurde eg han om korleis det gjekk med dei to han hadde snakka om då han var heime til jul. Då kunne han fortelja at dei hadde flytta tilbake. Dei hadde ikkje fått seg eit nettverk, og stod ikkje ut prøvetida i jobbane ein gong før dei reiste herfrå, fortel Alvsvåg, som håpar at bømlingane blir meir medvitne på dette framover.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.