annonse

Full fart på Løp for livet sin nattcup

EKSTREMT GODE:
EKSTREMT GODE: Team Extreme var best i dameklassen under nattcupen. (Foto: STINE HALLERAKER)
VETERANAR
VETERANAR: Los Cules er eit lag som i mange år har sett preg på innandørsturneringar i fotball, og vann herreklassen på cupen. (Foto: STINE HALLERAKER)

Løp for livet sin nattcup i fotball i Bømlohallen er over og vinnarane er kåra.

Nils-Tore Sele

I ettermiddag vart vinnarane av Løp for livet sin nattcup i fotball, kåra i Bømlohallen. Beste lag i dameklassen var Team Extreme, i herreklassen var Los Cules kvassaste lag, medan Rødpandaene vann jenteklassen og The Boys sikra finalesigeren i guteklassen.

- Me er slitne no, men det har også vore ei stor oppleving å arrangera nattcupen, seier Stine Halleraker frå Løp for livet-komiteen.

Det var med 37 fotballag fordelt på fire klassar, og for Løp for livet vart cupen ein stor suksess.

- Det var mykje folk i hallen for å sjå heilt frå cupen starta til me var ferdige. Dette er noko som engasjerer alle på Bømlo i alle aldrar, seier Halleraker.

- Dette er noko me ønskjer at russen fortset med å arrangera framover fordi det var i alle fall noko me gleda oss til å arrangere, fortel Halleraker.

Gute- og jenteklassane på cupen var for spelarar frå 5.-7.klasse medan vaksenklassane for herrar og damer var for spelarar frå 8.klasse og oppover. Kampane gjekk føre seg frå klokka 13 laurdag til 03.30 natt til sundag då det var pause fram til klokka 10 søndag føremiddag. Finalane gjekk føre seg sundag ettermiddag.

Løp for livet skaffa seg også inntekter til kreftsaka ved kiosksal undervegs på fotballturneringa i Bømlohallen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.