annonse

Full fres på Gilje

Full fart
Full fart: Det er full konsentrasjon i PR-rommet på Gilje skule. Ved PC-ane, Nathalie Mathiassen, Møyfrid Olsen (lærar) og Runar Vika Fylkesnes, ved neste bord Isabel Sagvaag (lærar) og Sunniva Totland. Og fremst Leijla Dadic Seles. (Foto: )
Nordlandskaker
Nordlandskaker: Fint fordelte og pakka nordlandskaker. Bakarane har gått heim for dagen. No er alt så godt som klart for sal. (Foto: )
Flotte plakatar
Flotte plakatar: Annabell Aksdal med ein av dei flotte plakatane som skal syna gjestene kva dei må betala for å prøva fiskelukka, og korleis. (Foto: )

Det var full fres på Gilje skule tysdag. Dei førebudde seg til å delta i TV-aksjonen. Og dei førebudde seg godt.

Ikkje ein einaste var gjerandslaus på denne skulen om dagen. Dei baka, kokte, bygde og organiserte. Elevane valde sjølv eller drøfta seg fram til kva gruppe dei høvde best i.

Her var det noko for alle, og somme ville heilt sikkert vore i fleire av gruppene. Kva klassetrinn dei var på spela inga rolle her. Her var det kva dei ville og kunne som var avgjerande.

Og dei kan. Når me kjem til skulen møter me gutar med noko til komposten, mykje gulrotskal ser me i alle fall i bøttene. Det er kokegruppa, dei har laga gulrotsuppe, den skal seljast dagen etter. Ei anna gruppe har bakt ei mengd med luftige nordlandskaker, også klare for sal.

PR-gruppa tok i mot

Bømlo-nytt fekk komma på vitjing til PR-gruppa tysdag. Dei var i full sving og hadde knapt tid til å sjå opp. Dei med PC-ane laga brosjyrar. Dei andre laga flotte plakatar, mange på oransje papp.

Det var ikkje tilfeldig, forklarte Annabell Aksdal, som går i sjette. Det er rett og slett for å understreka kva sak dei jobbar med. Det handlar om TV-aksjonen, der alt dei greier å samla inn skal gå til Kirkens Bymisjon. Og dei veit at «bykyrkja» sin logo er på oransje botn.

– Det kjekkaste i PR-gruppa er å få teikna, og å få laga flotte plakatar i fine fargar, seier 6.-klassingen. Seinare må dei laga kart over skuleromma, slik at gjestene som kjem til Open dag ved skulen, onsdag, skal finna fram til dei mange ulike tilboda.

– Gilje skule har ikkje vore med i TV-aksjonen tidlegare, fortel rektor Maryann Steinsbø.

– Eg kjem ifrå Moster skule, der dei har vore med i mange år og det er så kjekt. TV-aksjonen har så flott deltakar-materiale til skulane, så no håpar me å få til ein tradisjon her ved skulen også.

– Det er PR-gruppa som er vertskap på ein måte, forklarer rektor. Det er dei som skal presentera dei andre gruppene, og dei er mange. Mellom dei alt nemnde har dei ei musikkgruppe som skal halda konsert. Då gjeld det å få selja konserten. Ei skapargruppe lagar fiskespel, der dei som fiskar kan vinna flotte premiar. I tillegg skal dei ha både bingo og loppemarknad. Det er knapt grenser for kva dei har sett i gang ved skulen der i år. Dette blir Gilje skule sin TV-aksjon.

PS: Det er meldt om fullt hus på Gilje skule onsdag kveld på den opne dagen. Om dei alt har sett i gang bakinga av nordlandskaker med tanke på neste års aksjon, veit me ikkje, men kakene gjekk i allfall unna i rekordfart.

Mariann Gerdsdotter Sagvåg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.