annonse

Fullt hus for TV-aksjonen på Meling skule

SELDE GODT
SELDE GODT: SFO ved Meling skule hadde dreis på salet under sin TV-aksjonskveld. Her handlar Gunn Karin Andersen med seg heim både syltetøy og eplekake. Seljarane Hildur (f.h.), Erica, Sander og Johanne var strålande nøgde med omsetnaden. (Foto: Nils-Tore Sele)
FLINKE
FLINKE: Småskuleklassane ved Meling skule sjarmerte då dei med sitt blandakor mellom anna framførte songar frå Knutsen & Ludvigsen. (Foto: Nils-Tore Sele)
MATNYTTIG
MATNYTTIG: Foreldre og familie samla seg etter konserten i klasseromskafear og kjøpt seg noko godt, både vått og tørt. Pengane gjekk til TV-aksjonen, sjølvsagt. (Foto: Nils-Tore Sele)

Onsdag kveld samla elevar i småskulen på Meling inn pengar til TV-aksjonen. Bygdafolket støtta heilhjarta opp.

Nils-Tore Sele

Onsdag og torsdag kveld samla elevane ved Meling skule inn pengar til TV-aksjonen. Første kvelden var småskulen, 1.-4.klassingane, i sving.

Aksjonskvelden deira vart sett i gang med ein flott korkonsert i gymsalen. For ein fullsett sal framførte det store blandakoret med unge røyster mellom anna eit potpurri av dei største Knutsen & Ludvigsen-klassikarane, i tillegg til songar frå Disneyfilmen «Frost».

Etter ein konsert på om lag halvtimen, kunne publikum gå inn i fleire klasseromskafear, der dei gjennom å kjøpe mat og drikke støtta opp om innsamlinga til TV-aksjonen. Varene på torgbuene, plassert i myldrearealet på skulen mellom gymsalen og klasseromma, vart etter kvart også godt vitja. Lommebøkene vart opna og varer som lys, pynteartiklar, eplekake og glas med tytebær-, blokkebær- og blåbærsyltetøy var slikt som fekk bein å gå på.

– Barna er flinke, seier ein blid rektor, Kristin Klubben, nøgd med at bygdafolket kom i store mengder onsdag kveldv for å få med seg innsamlingskvelden til småskulen.

I fjor vart det samla inn tett på 60.000 kroner ved dei to TV-aksjonskveldane som elevane ved skulen hadde. Klubben vonar at det blir eit godt resultat i år også.

– Diverre veit me ikkje kor mykje det vert til TV-aksjonen før uti neste veke ein gong, fortel rektoren til Bømlo-nytt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.