Bømlo-Nytt

Nyhende

Gamal og god som ny

Gamal og god som ny

Dei to karane, Richard Martin Kvarven og Hans Borgen, som driv Wichmann-smia, har hatt eit spanande restaureringsprosjekt føre seg.

I Rubbestadneset båthamn kan du no få gleda av å sjå (og høyra) ein gammal Wichmann-motor i full driv. Motoren er installert i ei gammal snekke frå Sotra, som Kvarven og Borgen har pussa opp.

2HK Wichmann-motoren er utstyrt med ein fyrlampe. Den må varma opp kula i toppen av motoren før han kan starta.

2HK: Wichmann-motoren er utstyrt med ein fyrlampe. Den må varma opp kula i toppen av motoren før han kan starta.

Opphavleg var det Finn Atle Haldorsen som fekk tak i den gamle motoren. Då han ikkje fekk han i gang, ringde han Kvarven og Borgen.

– Me blei spurde om me kunne sjå om me fekk han i gang. Og det var klart me skulle få til, seier Kvarven.

Etter mange gode arbeidstimar fekk dei omsider start på han.

– Me er ikkje heilt nøgde enno, men det var kjekt å få han i gang, seier dei to.

Motoren er truleg frå 1920-talet, men dei kan sjå at nokre deler av motoren er av nyare dato.

– Ein ser til dømes at deler av han er fornikla. Det var ikkje vanleg på den tida, seier Kvarven.

Motoren er ein semi-diesel med 2 HK. Kor fort han går, er dei usikre på.

– Du klarar i alle fall ikkje å ro frå han, skøyar Borgen.

Finn Atle Haldorsen - Dåp Her døyper Ragnfrid Haldorsen båten «Rubb».

Dåp: Her døyper Ragnfrid Haldorsen båten «Rubb».Foto: Finn Atle Haldorsen

– Eg døyper deg.

Laurdag fekk snekka endeleg namn. Det var Ragnfrid Haldorsen som fekk æra av å bada den i edle dropar.

– Båten blei døypt med norsk eplesider og fekk namnet «Rubb», fortel eigar Finn Atle Haldorsen.

Historia bak Wichmann-motoren er lang. Tanken bak dette prosjektet, var å kunna visa fram denne historia.

– Ideen er å ha ein motor i båt, i staden for på bukk. Då kan ein visa fram ein tidsriktig båt og motor både på sjø og land, seier Haldorsen.

For dei som likar gamle motorar, er dei velkomne til å koma å sjå snekka fortel eigaren.

– Den kan visast fram til barnehagar, skular og andre som er interesserte, seier Haldorsen.

Smio

Kvarven og Borgen er nok over gjennomsnittet interessert i gamle motorar, og synest at det er kjekt med eit prosjekt.

– Me har det som ein hobby. Det er kjekt å bala med, er dei to samde om.

Dei har også ein heilt lik motor som den i båten, ståande i Smio.

– På den har elevane på yrkesskulen hjelpt oss å laga haldar til fyrlampen. Dei hjelper oss ofte når me treng å få noko laga, rosar Kvarven.

carina@bomlo-nytt.no