annonse

Går frå Altibox til Eidesvik

NY CFO
NY CFO: Tore Byberg kjem frå stillinga som økonomisjef i Altibox (Foto: Stephan Wetaas/Altibox)

Tore Byberg (40) går frå stillinga som økonomisjef i Altibox til CFO i Eidesvik Offshore.

Håvard Hammarstrøm

Dette melder reiarlaget i ei børsmelding. Byberg har hatt stillinga som økonomisjef i Altibox sidan 2015, og går no altså over til tilsvarande stilling i reiarlaget med hovudkontor i Langevåg.

Før han tok til i Altibox hadde han leiande stillingar innanfor finans i ulike Seadrill-selskap, heiter det i børsmeldinga.

Byberg tek til i stillinga i reiarlaget seinast 2. februar neste år.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.