annonse

Går inn for sju nye bompengepunkt

FULLSETT
FULLSETT: Ikkje eit ledig sete på tilhøyrarplass då kommunestyret måndag vedtok både framtidig utbyggingsramme og bompengesystem for gjennomføring av Bømlopakken. (Foto: Nils-Tore Sele)

Bømlo blir bomlo. Eit stort fleirtal i kommunestyret vil ha bompengering rundt Svortland og fleire innkrevjingspunkt spreidd rundt på øya, men går inn for eit lågare bompengetak enn rådmannen.

Dersom det blir slik fleirtalet i kommunestyret ser for seg, i samband med vedtaket gjort måndag kveld, vert det i framtida ni bompengeinnkrevingspunkt på Bømlo, medrekna dei to som allereie i dag, på Spissøy og over ferja Langevåg-Buavåg.

Politikarane fastsette einskildtaksten for lette bilar til 32,50 kroner og 65 kroner for tunge køyretøy gjennom vedtaket. Det skal bli eit passeringstak på 832 kroner for lette bilar og 1.664 kroner for tunge bilar. Bompengeinnkrevjinga skal praktiserast med halvtimeregel, det vil seia at alle passeringar gjort innan ein halvtime, også ved same passeringspunkt, berre tel som ei passering.

Tre ekstra innkrevjingspunkt

Etter det ekstraordinære kommunestyremøtet måndag kveld, vart vedtaket altså innføring av bomring rundt Svortland med fire innkrevjingspunkt. I tillegg vil politikarane at det skal setjast opp tre ekstra punkt. Eit skal komma på vegarmen til Rubbestadneset, eit på vegarmen til Moster og til slutt eit i Finnås-området. Plasseringane av desse vert ved Stangarvågsbrua, Røyksundbrua og for Finnås sin del anten ved Sakseidteen på armen sørover eller ved Tormodsæter, mot sør. Det siste overlet politikarane til vegvesenet å avgjera.

Politikarane opnar også for at om det i bompengeperioden kjem ny teknologi eller sentrale vedtak som gjer innkrevjing av bompengar enklare, meir effektivt og rimelegare enn i dag, så må det leggjast til rette for at dette blir teke i bruk for Bømlopakken.

Vil skjerma sentrum

Vedtaket inneber også at i bomringen rundt Svortland skal det berre verta innkrevjing ein veg, og det ut av sentrum. Elles vil politikarane at det skal kostnadsutreknast om det skal vera passering berre ein veg, eller begge vegar, ved dei tre andre innkrevjingspunkta som vart føreslegne langs vegane på Bømlo. Ei endeleg avgjerd på dette, vert gjort når kommunestyret 19.juni gjer endeleg vedtak om Bømlopakken og framtidig bompengeinnkrevjing.

Innkrevjingsperioden vert på 15 år, med høve til å utvida med tre år om det skulle verta trong for det.

Elbilar skal betala full takst frå det tidspunktet nasjonale retningsliner opnar for dette. Inntil vidare får denne biltypen 50 prosent rabatt. Maks rabatt elles i Bømlopakken for bilistane vert 20 prosent, i tråd med nasjonale retningsliner for dette.

Nær samrøystes

I tida fram mot kommunestyret i juni, må bømlarådmannen no jobba fram konkrete kostnadskalkylar på dei vegutbetringsprosjekta som er med, saman med Statens vegvesen. Kalkylane skal utgjera grunnlaget for naudsynte justeringar som må gjerast når kommunepolitikarane kjem med endeleg vedtak før sommarferien.

Forslaget vart fremja til avrøysting av Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet, Høgre, Dei kristne og Miljøpartiet Dei grøne. Vedtaket fekk 26 av 27 moglege røyster. Dag Helge Hellen (FrP) røysta mot, då han ikkje kunne stilla seg bak eit vedtak han ikkje meinte ville gavna kommunen.

Tenkjer trafikktryggleik

Vedtaket seier at alle prosjekt i Bømlopakken 1 skal fullførast, herunder opprusting av fv 541 Sakseid-Grutle, fv 542 Notland-Mosterhamn, fv 541 Sakseid-Ekornsæter og punktoppgraderingar langs fylkesveg 23 Tormodsæter-Gilje og på fylkesveg 12 mellom Sakseid og Grønnevik. I tillegg opnar vedtaket for bygging av gang- og sykkelveg pluss punktoppgradering langs strekninga Grindheimsvegen-Totlandvegen på fylkesveg 15 og punktoppgradering langs fylkesveg 17 mellom Olakjosen og Laurhammerkjosen om det vert pengar til det. Dette er strekningar politikarane vil ha utbetra grunna omsyn til trafikktryggleik.

Prioriteringane i vedtaket gjer at det er meir uvisse om prosjekt som rasteplass på Kuleseidkanalen, ny veg mellom Tverråno og Hollundsdalen og ny trase utanom Rubbestadneset mellom Brubakken og Stangarvåg langs fylkesveg 19 kan setjast i verk.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.