annonse

God start på årets TV-aksjon for Svortland skule

God trøkk
God trøkk: Det var god stemning i salen blant publikum, og på scena, då Svortland skule hadde skuleframsyning. Der inntektene av billettsalet går til UNICEF. (Foto: Stine R. Rørvik.)
Solo
Solo: Det var mange gode soloprestasjonar. (Foto: )
Står saman
Står saman: 5-7.trinn var samla til eit flott fellesnummer. (Foto: )

Onsdag gjekk startskotet for innsamlingsaksjonen til året tv-aksjon for 5-7-trinn ved Svortland skule.

  • Stine R. Rørvik

Elevane viste to flotte show i kulturhuset, der både latter og alvor var tema.

Starta

Framsyninga vart opna av ei stompgruppe som slo på bøtter og klaska piassavakostar i golvet.

Rytmisk og godt. Vidare vart det song, dans og eit sterkt mimeteater der dei viste korleis born i krigsramma land kan ha det. Det vart meir stomp, song, dans og det heile vart avslutta med eit fellesnummer der 5–7. klasse var samla til song. 45 minutt varte framsyninga og tida fauk. Flinke elevar og godt band som stod for musikken.

Publikum fekk ei god oppleving i tillegg til at dei støtta ei god sak då billettinntektene går til TV-aksjonen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.