annonse

Godtesjuk tjuv

Uforståeleg
Uforståeleg: Dei lurer på kven som har teke med seg kioskvarene frå hyllene i Klubbedubben, Isak Mikal Grindheim (t.v.), Mateusz Kielt og Emil Pedersen. (Foto: )

Det var ikkje mykje å selja i kiosken på Klubbedubben tysdag kveld. Uvedkommande hadde nemleg vore og forsynt seg frå hyllene.

– Dei likte nok ikkje Toppris, for den låg att, seier Isak Mikal Grindheim.

Det var tysdag ettermiddag, då han saman med kompisane Mateusz Kielt og Emil Pedersen og eit titals andre ungdommar skulle på fritidsklubben, at dei kom til open dør og oppdaga at uvedkommande hadde vore inne i lokala og forsynt seg frå kiosken.

– Me hadde noko utstyr liggjande, men det har dei ikkje rørt, seier dei tre.

Grindheim seier han var nede og sjekka døra søndag kveld og meiner at då var ho låst. Det er ingen spor etter innbrot på inngangsdøra, og ungdommane stiller seg nokså uforståande til kva som kan ha skjedd.

Dei kontakta politiet kort tid etter at tjuveriet vart oppdaga, og det kom politi til staden for å snakka med ungdommane.

– Det stemmer at det var politifolk på Moster tysdag kveld, og me vil etterforska saka i samarbeid med ungdommane i Klubbedubben fritidsklubb, seier Trond Atle Sjøvold ved Stord lensmannskontor.

Aslaug Wathne Skimmeland, som er vaksenleiar på fritidsklubben, fortel til Bømlo-nytt at daglegvarebutikken tvers over vegen var på pletten med nye forsyningar kioskvarer då dei høyrde kva som hadde skjedd. Det set både ho og medlemmane i Klubbedubben stor pris på. 

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.