annonse

Gråvêr i helga

MYKJE REGN
MYKJE REGN: Det er meld gråvêr og nedbør i helga (Foto: NILS-TORE SELE/ILLUSTRASJON)

Det for det meste meld overskya og nedbør i helga.

Håvard Hammarstrøm

Fredagen har vore prega av nedbør, og det same vêret er venta det meste av helga, skal me tru yr.no.

Regnet skal halde fram utover fredagskvelden og natt til laurdag. Det er venta at regnet skal avta fram mot laurdag morgon, og utover føremiddagen er det venta opphald. Er me heldige kan me også få eit lite solgløtt. Det skal likevel skye til igjen, og utover kvelden kjem regnet tilbake. Natt til sundag blir det regn, men det lettar litt sundag morgon. Deretter blir det stort sett opplett men overskya.

Når det gjeld temperaturane så vil dei liggje mellom to og sju grader. Høgaste temeperatur er venta midt på dagen laurdag, medan temperaturen går ned mot to grader i løpet av natt til sundag. I Espevær er det venta opp i frisk bris på sundag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.