annonse

Grøne fingrar - grøn profil

BY Night
BY Night: «Mykje lys og mykje varme» på Sakseide! (Foto: )
Travelt
Travelt: Produksjonen pågår no for fullt. Her er Åse Litlabø Skorpen i full gang med utplanting. (Foto: )
INnandørs
INnandørs: Frå eitt av drivhusa. Det er tre drivhus med ei total grunnflate på 800 kvm. (Foto: )
Trivest
Trivest: Astri Litlabø Sakseide trivest med planter (Foto: )
Trivest
Trivest: Ståle Sakseide trivest også når han kan få stella med plantene sine. (Foto: )
: På geledd! (Foto: )
: Tett i tett. (Foto: )

Ståle Sakseide er stolt av å kunne seie at Hageland Sakseide har ein god miljøprofil.

  • Geir Einarsen

Her har dei «grøn» produksjon av planter med eit positivt miljøaspekt.

– Plantene våre er «kortreiste». Dei er ikkje henta frå Nederland eller andre stader i Norge, men vert henta frå eige gartneri, fortel Ståle Sakseide.

Bruken av plantevernmiddel i gartneriet er sterkt redusert. Dei bruker i større grad kombinasjonen lys/temperatur til vekstregulering. Andelen veksttorv i jord som dei sel, er også sterkt redusert.

– I kampen mot utøy er grønnsåpevatn eit effektivt og miljøvennleg middel. Alle «pluggar» vert dyppa i grønnsåpevatn før dei vert planta ut, fortel gartnaren.

Han oppfordrar alle til å bruke «giftfrie» midlar til å bekjempe lus i hagen.

Grønnsåpe er eit godt alternativ. Det finst også eit ferdigblanda middel som ein får kjøpt i planteutsal.

Sakseide meiner det er heilt unødvendig å bruke plantevernmidlar til å ta livet av lus i eigen hage. Han oppmodar også om å bruke plantejord med kompost og husdyrgjødsel, slik at det blir redusert bruk av veksttorv.

Gartneriet på Sakseide er avhengig av mykje lys og mykje varme i produksjonen av planter. Her brukar dei mest elektrisitet til både lys og varme. Det blir berre brukt olje når det er skikkelige kuldetoppear.

– Det har vore ei jamn stigning i bruken av elektrisitet i fleire år, og målet er er å kutte ut all bruk av olje i løpet av kort tid, seier Sakseide.

Snart skal han montere varmepumpeanlegg til å varma opp veksthusa. BUtikken er allereie varma opp av varmepumpe, opplyser han.

Gartneriet på Sakseide produserer årleg om lag 30.000 planter. Dei er spesielt kjende for store og kraftige planter som er godt tilpassa kystklimaet.

Om lag ti personar har sitt daglege arbeid på gartneriet på Sakseid.








Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.