annonse

Gullgarden med havet som nærmaste nabo

KOSELEG
KOSELEG: Sindre Larsen og Runa Alvsvåg Folgerø i ein av dei stilege, gamle sofaene i Karoline-stova. På veggen bak dei heng fotografiet med tippoldemor Karoline og ungeflokken hennar. (Foto: NILS-TORE SELE)
UT MOT HAVET
UT MOT HAVET: Ullsvinet Kevin og villsvinet/ullsvinet Judith har flott havutsikt frå inngjerdinga si. Sindre Larsen og Runa Alvsvåg Folgerø er glade i dei to. (Foto: NILS-TORE SELE)
SJARMØR
SJARMØR: Alelammet Ali er årets sjarmør på gullgarden. Han følgjer etter Runa Alvsvåg Folgerø overalt. Dei er gode vener. (Foto: NILS-TORE SELE)

På Lykling låg gullet i berget og lokka nordmenn og engelskmenn til storstilt gruvedrift. Der kan du også vitja ein ekte gullgard.

Nils-Tore Sele

På Gullvegen gardstun på Lykling er det per i dag sju dyrerasar. Sauer, kyr, grisar, høner, geiter, kaninar og katt. I løpet av sommaren arrangerer det unge paret Sindre Larsen og Runa Alfsvåg Folgerø tre opne dagar. Desse sundagane i fellesferieperioden vil publikum få komma til eit gardsbruk der historia ligg tjukt i veggane og der gullårene går gjennom bakkar og berg utmed havet. Hos paret kan ein jamvel få prøva gullvasking i ein vaskeekte gullgravarleir.

Tek historia med seg

– Me starta opp i fjor sommar så smått. Me legg stein på stein, men i dette første året har det skjedd mykje, seier Sindre Larsen som vaks opp ute på garden vest på Lykling. Runa Alvsvåg Folgerø vaks opp på eit småbruk på Foldrøy, og begge har dei interessa for gardsdrift og det å skapa ei leveleg næring attåt anna arbeid.

Vegar og bygningar har komme opp i løpet av dei siste åra på besøksgarden. Ikkje minst eit stort bygg som husar Karoline-stova, der paret no tek mot gjester til selskap i ulike former.

Reiseliv, turisme og eit Inn på tunet-tilbod er berebjelkane i satsinga deira: Gullvegen gardstun. Tidlegare i vår fekk dei på plass ei ny og informativ nettside om garden og historia. Så langt har det vore ein travel vår. Alt frå barnebursdagar, venesamlingar og bedriftsavslutningar før sommaren har stått, og står på programmet.

– Eg fortel om historia til garden, fortel Sindre Larsen. – Det er populært hos mange, seier han.

– For dei som er meir opptekne av teambuilding, arrangerer me ulike farmen-tevlingar. Det er godt å komma seg ut i aktivitet og få frisk luft attpå, seier dei til Bømlo-nytt.

Karoline-stova

Dei legg opp til ein travel sommar, der dei opne dagane peikar seg ut som publikumsmessige høgdepunkt. I påsken tok dei seg av den faste gåturen gjennom gullgruveområdet på langfredag. – Ein strålande suksess! 270 personar var med på turen, og over 300 handla i kiosken vår på området, fortel Sindre Larsen.

Ikkje alle planar er fastlagde i detalj, men det kjem nok til å bli sommartravelt i store, flotte Karoline-stova, nett ferdig med brusteinsgolv og finerplata veggar. Langs golvet står flotte gamle sofaer og stolar, eit langbord tronar midt i rommet og på veggane heng både gamle måleri og ikkje minst fotografi. På heidersplassen på eine veggen heng portrettet av tippoldemor til Sindre, Karoline, omkransa av barneflokken hennar. På fanget sit vesle Thor Konrad, oldefaren til den hardtsatsande gullgardenarvtakaren.

– Karoline er eit namn med lange tradisjonar i vår familie, og det vart difor klart av storstova måtte få hennar namn, fortel Sindre Larsen.

– Her er det 110 rutemeter og høgt under taket, seier han, og fortel at dei også har planar om ein konsert med ein lokal artist i løpet av sommaren.

– Det har eg tenkt på lenge. Hadde meir lyst til å arrangera ein festival, men det er nok lurt å byrja smått for sidan å byggja noko større opp, smiler han.

Ei familiesatsing

På gullgarden har dei også fått Inn på tunet-status. Slik vonar paret å sikra drifta på heilårsbasis. Runa arbeider i 100 prosent stilling ved laboratoriet ved Stord sjukehus, og er heilhjarta med på fritida i drifta medan han har ei stilling som assistent ved Våge skule og elles skal fylla tida si med å driva gullgarden.

– Eg har vore utruleg heldig som har truffe Runa. Ho er ei fantastisk støtte på alle vis, seier Sindre Larsen.

– Me hadde heller ikkje klart dette utan god støtte frå mine og hennar foreldre, held dei to fram.

– Når me no har ulike arrangement og tilskipingar der det oss og foreldra våre som trør til. Me er utruleg takksame for hjelpa og heldige slik sett, seier Runa.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.