annonse

Han blir rådmann i det nye storfylket

Fylkesrådmann for nytt fylke
Fylkesrådmann for nytt fylke: Rune Haugsdal er tilsett som fylkesrådmann for det nye storfylket. Han skal også leia samanslåingsarbeidet. (Foto: Hordaland fylkeskommune)

Noverande fylkesrådmann i Hordaland, Rune Haugsdal, er tilsett som prosjektleiar/fylkesrådmann i det nye storfylket på Vestlandet.

Randi Olsen

Fellesnemnda vedtok fredag å tilsetje Haugsdal i stillinga.

– Med denne tilsetjinga har vi fått ein god leiar av arbeidet med å slå saman dei to fylkeskommunane og ein dyktig leiar i det nye storfylket. Dette er eit framifrå grunnlag for å jobbe vidare med samanslåinga og forme den nye fylkeskommunen på Vestlandet, seier fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, som har leia tilsetjingsutvalet.

Fellesnemnda, som arbeider for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, gjorde eit samrøystes vedtak på møtet i Bergen. Dei er samansett av fylkesutvala i dei to fylkeskommunane, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

– Det er viktig at vi har fått på plass ein dyktig og erfaren prosjektleiar for det nye Vestlandsfylket. Rune kjenner godt prosessen og samspelet mellom fylkeskommunane, og vil bidra positivt for å lukkast med å byggje eit nytt, sterkt fylke, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Seks søkjarar

Stillinga var lyst ledig før påske. Det var seks søkjarar. Ei tilsetjingsnemnd har hatt fleire arbeidsmøte og la fram samrøystes innstilling for fellesnemnda om å tilsette Haugsdal i stillinga.

– Eg er takksam for tilliten er har fått frå fellesnemnda. Dette er ein krevjande og særs interessant utfordring. No ser er fram til å jobbe saman med høgt kompetente tilsette i Sogn og Fjordane og Hordaland, seier Rune Haugsdal.

Haugsdal skal fram til 1. januar 2020 vera prosjektleiar for samanslåingsprosessen. Deretter blir Rune Haugsdal fylkesrådmann i det nye vestlandsfylket.

Haugsdal meiner ein ny og større fylkeskommune gjev nye mogelegheiter for regionen.

– Målet må vera at den nye fylkeskommunen skal bli ein god samarbeidspartnar og vital utviklingskraft for framtidsretta samfunnsutvikling, sterkare infrastrukturbygging og berekraftig forvaltning av ressursar, seier Haugsdal.

– Ein ny og større fylkeskommune på Vestlandet vil og bidra til sterkare demokrati, kultur og identitetsbygging, seier den nye prosjektleiaren/fylkesrådmannen.

Dette er Rune Haugsdal

Haugsdal (58) har vore fylkesrådmann i Hordaland i fem år. Han kom frå stillinga som kommunaldirektør for finans, konkurranse og eigarskap i Bergen kommune. Før det var han direktør i Bybanen utbygging, og regionsdirektør i Skanska Bolig. Han er utdanna sivilingeniør ved dåverande NTH i Trondheim.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.