annonse

Han drøymde om eit verdig liv

: Yemane Teferi (58) er sterkt prega av dei 25 åra i mottak. Draumane han hadde er enno ikkje moglege å nå. Han set fastlåst i dette livet. Tårene kjem fort.
: Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H) seier han kjem til å ta opp saka på Stortinget. (Foto: Stortinget.)

Yemane Teferi (58) frå Eritrea har venta i 25 år på å kunne leve eit normalt liv. Han lever utan borgarrettar. Livet han drøymde om har enno ikkje starta.

Grethe Kjøsnes

Teferi kom til Norge som tredveåring og søkte asyl. Han fekk avslag på asylsøknaden. Norge har ikkje utleveringsavtale med heimlandet hans, Eritrea, og han har dermed ikkje kunna bli send tilbake. No er han 58 år og bur han for andre gong på Bømlo mottak på Skogbu.

- 21. oktober for 17 år sidan kom eg til Norge. Det var i 1998 og eg kom først til Oslo og søkte asyl, fortel Yemane Teferi etter å ha kikka ut i lufta og tenkt seg om eit lite augneblink. Han kom til Norge via Sverige. Den gongen var han framleis ung og hadde mange draumar. Han er kort med detaljane før han fortset vidare om det han er mest oppteken av. Om livet sitt i dag.

Han er roleg og reflektert. Ansiktet hans fortel meir enn ord. Han er alvorleg, fell fort inn i eigne tankar og tårene kjem fort. Han dvelar ikkje lenge ved fortida før han fortset med det som svir mest:

- Eg har ingenting! Ingen rettar. Eg veit ikkje om dei tenkjer at eg er eit menneske eller dyr eller ein stein! Eg kallar dette livet mitt for husarrest. Etter 25 år er det ikkje lett å leva på eit asylmottak. Eg byrjar å bli gammal. Hovudet mitt fungerer ikkje så godt lenger, seier Yemane, og tar seg til hovudet.

- Eg har hovudverk kvar dag og må ta smertestillande. Eg fekk ein skotskade i hovudet etter at nokre dreiv med militærøvingar i nabolaget der eg budde i heimlandet Eritrea. Ei blodåre er varig skada. Eg har seinare vore til Rikshospitalet på grunn av dette. Det er fare for at eg kan bli verre etter kvart. Eg slit òg med stress og høgt blodtrykk. Eg føler meg til tider som ein idiot, seier Yemane Teferi. Han levde på gata i Oslo ei veke etter siste gong han fekk avslag på asylsøknaden sin i 2003. Så klarte han til slutt å få hjelp til å komme tilbake til Skogbu på Bømlo nokre år seinare.

Små lysglimt i kvardagen

Yemane Teferi kan koma med eit lite smil når han snakkar om det som gjer livet verdt å leva. Dei små tinga i kvardagen. Det som held han oppe.

Det er nokre familiar på Moster som har omsorg for han. Dei tar i mot han som eit familiemedlem og støtter han økonomisk, fortel han. Mellom anna nemner han Henny Grønås som ei av dei som bryr seg,

- Når eg besøkjer desse familiane så gløymer eg det vanskelege for ei stund. Men når eg kjem tilbake til mottaket, så kjem tankane igjen. Eg drøymde om å få meg jobb som motormann på sjøen. Det var dette eg jobba med den tida eg oppheldt meg i Italia. Men no veit eg ikkje kva eg skal håpe om eit vanleg liv. Eg har aldri fått mogelegheit til mitt eige liv, seier Tefari.

Han viser Bømlo-nytt rommet sitt på asylmottaket på Skogbu. Det er knøttlite. To deler rommet. Det ligg ein yngre mann i den andre senga. Dei kjende ikkje kvarandre frå før. Når dei bur så tett, må dei ta mykje omsyn til kvarandre. Dersom ikkje, kan det bli vanskeleg med både nattesøvn og anna. Yemane har budd på 13 ulike mottak rundt om i landet i dei 23 åra han har budd her. Av i alt 25 år som asylsøkjar. Han kjenner dette livet.

- Nei, eg har ikkje hatt eige rom bortsett frå ein gong. Då budde eg på mottak i Jølster. Då kunne eg lesa på rommet. Men no kan eg ikkje det, sidan romkameraten min likar å høyre på musikk. Så då går eg i staden ut i skogen for å lesa. Der er det roleg og fredeleg. Her på mottaket er det ingen aktivitetar. Berre bingo, seier Yemane Teferi. Turane ut i naturen er viktig for han. Då finn han ro i sinnet.

Rommet han bur på er i dårleg forfatning, som elles på Bømlo Mottak.

Teferi viser Bømlo-nytt mellom anna toalettet som han og romkameraten deler.

- Me har lekkasje frå toalettet. Kvar halvtime heile døgnet må eg tømma ei skål med vatn som står under røyret ellers flyt vatnet ut over hele badegolvet og ut i rommet der me bur, Det har skjedd fleire gonger, forklarer Teferi. Røyrleggjar ser dei lite til. For ei tid sidan måtte Yemane sjølv skifta toalettet, for det andre var sprukke. Han har òg laga til ei list mellom golvet til dusjen og mot toalettet.

Håpar framleis

Yemeni Teferi har enno ikkje gitt opp håpet om eit verdig liv. Han byrjar å bli gammal. Jobb og kone og born er draumar han hadde. No er draumen å bli ein fri mann.

Han lyser opp som ei sol når han fortel om møte med born han har blitt kjend med gjennom dei fem familiane som støtter han på Moster. Han nærmar seg pensjonsalder etter norske tilhøve. Men han har ikkje gitt opp kampen om å få grunnleggjande rettar som menneske. Han har ein advokat som jobbar med saka hans. Ein av dei mest erfarne asyladvokatane i landet, Cecilie Schjatveit i advokatfirmaet Hestenes & Dramner, har teke på seg oppdraget med å føra den eritreiske asylsøkjaren si sak mot norske myndigheiter.

- Når ei sak drar så lenge ut i tid, og myndigheitene ikkje sender asylsøkjaren ut, meiner eg at staten har plikt til å normalisere situasjonen hans. Det er kjernen i det rettslege, sa Schjatvet til VG i april i fjor. Saka er enno ikkje avklara over eitt år seinare.

- Me jobbar framleis med saka. No står me midt i ein prosess, seier Schjatvet til Bømlo-nytt.

I oktober fanga storavisa Washington Post i USA opp saka om Teferi på Bømlo i Norge. Dei karakteriserer Yemeni si sak som ein Kafka-prosess og har skrive ein lengre reportasje om situasjonen hans.

Dei avsluttar med følgjande setning uttala av Rune Berglund Steen, leiar i Norsk Antirasistisk Senter, omsett tilbake til norsk: «Om han døyr på denne måten, så vil han endeleg for første gong få sin eigen jordflekk på norsk jord der han kan få opphalda seg lovleg».

Vil ta opp saka

Når stortingspolitikar Øyvind Halleraker (H) får høyre om Yemane Teferi sin situasjon, seier han til Bømlo-nytt at han vil ta opp saka på prinsipielt grunnlag med relevante myndigheiter.

- Som du kanskje veit, har ikkje me som stortingspolitikarar noko direkte påverknad på denne type saker. Sjølv om det alltid er vanskeleg å kommentera enkeltsaker, synest eg dette er ei sak som eg likevel vil ta opp på prinsipielt grunnlag med relevante myndigheiter. Eg vil ta kontakt igjen når eg har fått svar, seier Øyvind Halleraker.

Bømlo-Nytt sende spørsmål om Yemane-saka til både Halleraker, Knut Arild Hareide og Magne Rommetveit sist torsdag. Dei andre har ikkje svart enno. Bømlo-nytt spurde mellom anna om kva dei synest om situasjonen til Yemeni Teferi, og om den norske staten sin måte å handtera denne saka på og kva dei trur dette livet gjer med eit menneske.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.