annonse

Hans Petter Nesse blir ny Wärtsilä-direktør

Tek over
Tek over: Hans Petter Nesse (t.v.) tek over som adm. dir. i Wärtsilä Norway med umiddelbar verknad. (Foto: Wärtsilä)

Hans-Petter Nesse tar over rolla som administrerede direktør i Wärtsilä Norway (WNO) etter Sveinung Hansen, som etter åtte og et halvt års innsats har bestemt seg for å tre tilbake. Endringa trer i kraft umiddelbart. Det vedtok styret i dag.

Randi Olsen

Sveinung Hansen ønskjer no å fokusere all si tid på jobben som direktør for den globale Technical Services & Information og Customer Support Centre-organisasjonen, ei stilling han har hatt i tillegg til ansvaret som administrerande direktør i WNO.

– Eg har hatt svært gjevande og krevjande åtte og eit halvt år som administrerande direktør for WNO. Marknaden har kravd at me har måtta omstille oss og det har me klart. Eg vil takke alle dei dyktige, fleksible og dedikerte tilsette i bedrifta som eg har hatt gleda av å jobbe tett saman med. Dei har eit fantastisk pågangsmot og har gjort, og gjer, ein uvurderleg innsats. No ser eg fram til å kunne konsentrere meg fullt ut om mine oppgåver som direktør for Technical Services & Information og Customer Support Senter i den globale Wärtsilä-organisasjonen, seier Sveinung Hansen i ei pressemelding som er send ut.

Hans-Petter Nesse har dei siste ti åra hatt ulike leiarstillingar innanfor teknisk leiing, produkt- og forretningsutvikling i Wärtsilä, både lokalt og globalt. Dei tre siste åra har han vore tilsett som direktør for Service Unit Norway. Hans-Petter Nesse tar på seg ansvaret som administrerande direktør for WNO i tillegg til stillinga som direktør for Service.

– For meg personleg er det ei svært spennande oppgåve å få vere med å utvikle WNO vidare. Eg har stor respekt for den jobben Sveinung Hansen har gjort for bedrifta, og er glad for at me skal samarbeide vidare som del av den globale Wärtsilä-organisasjonen. Det var enkelt å seie ja til utfordringa når den kom – me har ein organisasjon med kundefokuserte, innovative og dedikerte medarbeidarar. Me må forvalte det me har gjort og levert tidlegare – og i saman skape det som skal til for å vere rusta til å møte nye utfordringar i framtida, seier Hans-Petter Nesse.

– På vegner av styret i WNO ønskjer eg å takke Sveinung Hansen for godt leiarskap gjennom mange år. Styret har sett stor pris på samarbeidet og den jobben Sveinung har gjort for å utvikle bedrifta gjennom desse åra. No ser me fram til å fortsette denne viktige jobben saman med WNO sin nye leiar, Hans-Petter Nesse, seier styreleiar i WNO, Arto Lehtinen til slutt i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.